Hopp til innhold

Overlege gynekologi og fødselshjelp

Arbeidsgiver

Legar gynekologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Overlege gynekologi og fødselshjelp
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vi har ledig 100% vikariat for overlege med kompetanse i gynekologisk kirurgi og interesse for generell gynekologi! 

Oppstart er frå snarast, og varigheita på vikariatet er 1 år.

Ålesund sjukehus, har omtrent 1 300 fødslar per år. Vi har 10 spesialistar og 8 legar i spesialisering. Ein av overlegane og ein LIS har PhD og enda ein overlege jobbar med sin PhD. Avdeling for Kvinnesjukdomar, barnemedisin og habilitering er ei mellomstor avdeling i nasjonal samanheng. Dette inneber at vi har dei fleste gynekologiske og obstetriske problemstillingar i vår avdeling. Dette skapar lærerike og interessante arbeidsdagar.

Hos oss er arbeidsmiljøet godt, vi jobbar tett saman, både vi legane oss imellom og saman med anna sjukehuspersonell. Du er velkomen som søkjar til ein meiningsfylt arbeidskvardag!


Arbeidsoppgåver

  • Gynekologiske operasjoner
  • Avdelingsarbeid
  • Poliklinisk virksomhet
  • Vaktarbeid på bakvaktsnivå
  • Arbeid på føde- og barselavdelingen hovedsakelig på vakttid

Kvalifikasjonar

  • Du må ha godkjent spesialitet innan gynekologi og fødselshjelp
  • Du er ein erfaren operatør innen laparoskopi og uro-gynekologi
  • Du er STAN-sertifisert
  • Erfaren LIS kan søkje og bli vurdert for stillinga

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert og jobber løysningsorientert
  • Du er teamorientert og jobbar på lag
  • Du må beherske godt norsk munntleg og skriftleg

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre degLes meir her!

Kontaktinformasjon

Lena Elisabet Huttner, Seksjonsleiar, Lena.Huttner@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5041819854
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 10.02.2026

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ee9f9c01-26f4-41cd-9274-afd0407a3381

Sist endret

11. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

557a8be49a2249d49a54141d5d12e710

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Føde og barsel Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Ålesund