Me søkjer fagarbeidarar og assistentar til barnehagane
Årdal kommune Barnehage
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Mulighet for hjemmekontorAI
- Ingen mulighet for hjemmekontor
Bruk av kunstig intelligens
Søk på jobben
Søk senest onsdag 29. april
I barnehagane er kvar dag fylt med leik, læring, nysgjerrigheit og omsorg. No ser me etter fleire trygge, engasjerte og varme vaksne som ynskjer å vere med og skape ein god barnehagekvardag for barna.
Årdal kommune har ledig fleire faste stillingar som fagarbeidar/assistent i dei ulike barnehagane våre.
Korleis vil arbeidsdagen din sjå ut?
Som fagarbeidar eller assistent i barnehagen blir du ein viktig del av kvardagen til barna. Arbeidsoppgåvene dine vil mellom anna vere å:
- delta aktivt i leik, aktivitetar og kvardagsrutinar saman med barna – både ute og inne
- samarbeide tett med kollegaer for å skape ein trygg, inkluderande og lærerik barnehage
- bidra til godt samarbeid med heimane, med fokus på det beste for kvart enkelt barn
- vere med på å sikre ein stabil og forutsigbar kvardag, der barna kjenner seg sett og ivaretekne
Arbeidsdagen er variert, aktiv og full av små og store augeblinkar som betyr mykje – både for barna og dei vaksne.
Kan jobben vere noko for deg?- det er ein fordel med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- søkjarar med annan relevant utdanning eller praksis er også velkomne til å søkje
- gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- godkjend politiattest
Me ser etter deg som:
- ynskjer ein aktiv arbeidskvardag, både ute og inne
- er hjelpsam, raus og tilpasningsdyktig
- kan arbeide sjølvstendig, men òg godt i lag med andre
- er fleksibel og taklar ein variert kvardag
- ynskjer å skape ein trygg, stabil og god barnehagekvardag for barna
- bidreg til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Kva kan me tilby deg?
Me kan tilby ein meiningsfull jobb med trygge og forutsigbare rammer. Me har eit godt arbeidsmiljø med god fagkompetanse. I Årdal kommune har me gode pensjons- og forsikringsordningar, samt bedriftshytte på Skeikampen. Du vil bli løna utifrå utdanning og praksis jamfør hovudtariffavtalen (henholdsvis fagarbeidar/assistent).
Ta gjerne kontakt for ein uforplikta prat. Me fortel gjerne meir om barnehagane våre og kvardagen hjå oss.
Me ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
edc92476-0632-48b4-87f2-b8ff55541c52
- Sist endret
16. april 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3618385_228287_nn