Assisten/fagarbeidar Kvernhushaugen barnehage
Sogndal kommune Kvernhushaugen barnehage
Dalavegen 2, 6856 Sogndal
Om jobben
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 5. mai
Er du ein engasjert, kreativ fagarbeidar som brenn for å skape eit trygt, utviklande og inkluderande miljø for barn? Då er dette sjansen din!
Kvernhushaugen barnehage ligg idyllisk til på Kaupanger i Sogndal kommune, med skogen og turområde, som nærmaste nabo.
Barnehagen har fantastiske fasilitetar frå Kaupanger Idrettslag sin idrettspark, rett utanfor døra. Her kan barna boltre seg på fotballbana, sykkelbane, frisbee golf og i Kaupangerhallen.
Kvernhushaugen barnehage er ein liten, men dynamisk barnehage med 30 barn fordelt på to avdelingar. Me er 10 dyktige og engasjerte tilsette i eit godt fagleg miljø med høg kompetanse og god aldersmiks.
Me er ein aktiv og samansveisa gjeng som likar å være ute i all slags ver. Med kort veg til lavvoen vår, legg vi til rette for spennande opplevingar i naturen – perfekt for både små og store eventyrarar.
Ledig stilling: 100 % vikariat som assistent/fagarbeidar i perioden frå snarast - 11.08.2027.
Dette blir jobben din:
- Sikre eit inspirerande, trygt og utviklande leike – og læringsmiljø
- Planleggje, gjennomføre og evaluere pedagogiske opplegg /aktivitetar for barna
- Samarbeide tett med kollegaer og føresette
- Legge til rette for eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike og læringsmiljø
- Medverke til gode prosessar i det daglege
- Arbeid inn mot enkeltbarn og i barnegruppa
- Bidra til godt arbeidsmiljø i barnehagen
- Fagbrev som barne – og ungdomsarbeidar
- Arbeidserfaring frå barnehage
- Beherske norsk godt, skriftleg og munnleg.
- Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
- Engasjement for arbeid med barn
- Omsorgsfull , tydeleg og tolmodig
- Tek initiativ, ansvar og er løysingsorientert
- Fysisk aktiv, leiken både ute og inne
- Fagleg engasjert, fleksibel
- Evner å ta barneperspektivet og bygge gode relasjonar med barn, kollegaer, føresette
- Taklar høgt tempo i kvardagen
- Kunne gje og ta imot rettleiing
- Ta ansvar for eigne oppgåver
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me tilbyr:- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Kjekke og varierte dagar
- Mykje frisk luft og fysisk aktivitet i flott natur.
- Gode pensjons- og forsikringsordninger
- Gode velferdsordningar
- Oppfølging og rettleiing
- Bedriftstrening
- Gratis parkering
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla før eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8db20bbf-c04b-4f26-8073-897d114813d5
- Sist endret
15. april 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3617691_232127_nn