Hopp til innhold

Fagarbeidar i Kyrkjebakken barnehage

Arbeidsgiver

Sogndal kommune, Kyrkjebakken barnehage

Sted

Riverdalen 5, 6863 Leikanger

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 30. april

Kyrkjebakken barnehage vert reetablert 01.08.2026. Sogndal kommune overteke då SAMAN studentbarnehage Sogndal til ein kommunal barnehage. Ved oppstart 01.08.2026, er me i SAMAN sin lokale i Dalavegen i Sogndal sentrum, før me i løpet av barnehageåret flyttar til Kyrkjebakken, som ligg omlag 800 meter frå SAMAN sine barnehagelokale

Kyrkjebakken barnehage er ein 3-avdelingsbarnehage i Sogndal sentrum, men samstundes nær skog og fin natur. Me har eigen naturleikeplass. Samla sett er det eit unikt nærområde som gir barna rom for undring, meistring og leik. 

Kyrkjebakken barnehage  nyttar «Marte Meo-metoden» i daglege samspelsituasjonar med barna, og til rettleiing av personalet. Marte Meo som rettleiingsmetode inneber at me bruker video og visuelle bilete av samspel som utgangspunkt for rettleiing. Metoden er ein praktisk modell til utvikling av nye ferdigheiter som personalet tek med seg tilbake til det daglege samspelet med barna. Dei visuelle bileta gir oss konkret informasjon "steg for steg" om kva som skjer i samspelet, samtidig som metoden gir oss høve til å binde saman teori og praksis.

Formålet med å bruke metoden i arbeidet vårt er å få:

  • Auka kunnskap om samspel
  • Betre og sterkare kvalitet på samspelet
  • Felles forståing for prinsippa for støttande kommunikasjon
  • Større forståing og innsikt i enkeltbarnet
  • Utvikla evna til observasjon
  • Reflektert over vår eiga rolle i møte med enkeltbarnet

Som tilsett i barnehagen kan du bidra til å vera med å påverke kvardagen til barna i nært samarbeid med andre tilsette og føresette. 

For barnehageåret 2026/2027 har med ledig eit 100 % vikariat som fagarbeidar i Kyrkjebakken barnehage.

Arbeidsoppgåver:  

  • Sørge for trygge og gode kvardagar for barna. 
  • Jobbe for inkludering og eit godt sosialt miljø.  
  • Medverke til samarbeid og relasjonsbygging med barn , tilsette ,føresette og andre samarbeidspartnar. 
  • Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna. 
  • Bidra til leik, læring og utvikling i tråd med barnehagen sine planar. 

Kvalifikasjonar:  

  • Fagbrev som barne og ungdomsarbeidar utdanning. 
  • Andre erfaringar og  jobb praksis vert også vurdert. 
  • Politiattest er ein føresetnad for tilsetting. 
  • Gode norsk kunnskapar, både munnleg og skriftleg. 
Personlege eigenskapar:  
  • Omsorgsfull , tolmodig og tydeleg 
  • Engasjert i leiken og samspel med barna. 
  • Tek initiativ og ansvar. 
  • Likar å vera ute i allslags ver. 
  • Gode samarbeidsevner. 
  • Vera fleksibel  og løysningsorientert. 
Me tilbyr:  
  • Ein spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk. 
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar. 
  • Moglegheit for fagleg utvikling.

Velkomen som søkar! 

Praktisk informasjon
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsspråket i kommunane er nynorsk.

Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.

I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla før eventuell offentleggjering.

Søknad må sendast inn via rekrutteringssystemet EasyCruit.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Benedikte Brenden

benedikte.brenden@sammen.no

Om bedriften

Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn. Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2036d634-877b-4bf8-901a-2bd787ca57fa

Sist endret

10. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3616313_211103_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser