Hopp til innhold

Logistikk lærling

Arbeidsgiver

 Haugesund Sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Logistikk lærling
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vil du ha ein jobb som betyr noko for andre – og samstundes få ei spennande utdanning?
Som lærling i logistikkfaget på Haugesund sjukehus blir du ein del av eit team som sørgjer for at alt flyt som det skal. Du bidreg til at pasientar får rett behandling til rett tid, og at helsepersonell har det dei treng for å gjere jobben sin.

For å få opplæring i alle kompetansemåla i læreplanen, vil noko av læretida vere ved terminalen til PostNord i Haugesund. Det betyr at du vil få ei spennande og variert læretid.

Kva gjer ein logistikk-lærling hos oss?

  • Du jobbar med vareflyt – frå mottak til levering.
  • Du lærer om lagerstyring, bestillingar og transport internt på sjukehuset.
  • Du får erfaring med moderne system og rutinar som sikrar kvalitet og effektivitet.
  • Du samarbeidar med mange ulike yrkesgrupper – ingen dag er heilt lik!

Kva går jobben ut på?

  • Varemottak og kontroll av leveransar
  • Plukk, pakk og distribusjon av varer til avdelingar
  • Lagerstyring og orden – påfyll, rotasjon, sporbarheit og kvalitet
  • Bruk av digitale system for bestilling og lager
  • HMS og smittevern i all handtering 
  • Interntransport og samarbeid med andre avdelingar

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Bestått vg1 teknologi- og industrifag
  • Bestått vg2 transport og logistikk. Vg2 må vere bestått før læretida tek til.
  • Kunne bruke PC og aktuelle IT-program som arbeidsverktøy
  • God orden og adferd 
  • Førarkort kl. B/BA gjennomført og bestått innan januar 2027 (dekkes av den enkelte) 
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgerar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Kva ser vi etter hos deg?

  • Du er påliteleg, møter presist og er ryddig og nøyaktig 
  • Du er roleg og vennleg, også når det er travelt 
  • Du er praktisk, fysisk aktiv og trivst med å vere i rørsle
  • Du likar å hjelpe og vere serviceinnstilt
  • Du viser engasjement og tek initiativ 
  • Du tek ansvar for eiga læring og jobbar systematisk fram mot fagprøven

Kvifor skal du velje oss?

  • Løn etter tariff for lærlingar 
  • Triveleg arbeidsmiljø 
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Eit spennande arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå
  • Internundervisning, kurs og fagleg oppfølging 

Vitnemål må leggjast ved søknaden. Dersom du går Vg2 no, kan du leggje ved terminkarakterane. Vi ønskjer òg to referansar.

Kontaktinformasjon

Natalia Soto, Avdelingsleiar Forsyning og Logistikk, 40613860

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5055233870
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2028
Søknadsfrist: 01.02.2026

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ed92a445-d095-44d8-9c4f-2d289a9930bc

Sist endret

2. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

fc0bdf28387a46ed92bf96f57d2049d6

Lignende annonser

Sommerjobb på vårt lager

Arbeidsgiver

Behandlingshjelpemidler

Sted

Haugesund