Hopp til innhold

100% fast stiling som helsefagarbeidar ved Eidesbrotet bofellesskap

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Eidesbrotet bofellesskap

Sted

Eidesbrotet 25, 5750 Odda

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Langvakter, fagglede og ein jobb som betyr noko

Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar ved Eidesbrotet bufellesskap. Stillingen inngår i ei langvaktsturnus (13–14 timar) som gir deg noko mange set pris på: lengre friperiodar og meir fri i kvardagen. Du jobbar kvar fjerde helg, og resten av tida får du rom til både jobbglede og privatliv.


Om oss

Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne personar med funksjonsnedsetting og ulike bistandsbehov. Vi yter tenester til 17 brukarar, både i bufellesskapet og i nærområdet.

Hos oss er det ikkje berre turnusar og vedtak som tel – menneska kjem først. Vi jobbar for at kvar enkelt skal meistre eigen kvardag, vere mest mogleg sjølvstendig og oppleve ein trygg, aktiv og meiningsfull kvardag.

Vi ønskjer også å vere ein arbeidsplass der det er lov å trivast, le litt i kvardagen og kjenne på arbeidsglede, engasjement og fagleg stoltheit.


Kva går jobben ut på?

Som helsefagarbeidar hos oss vil du ha varierte og meiningsfulle arbeidsdagar, der ingen dag er heilt lik – og det er akkurat slik vi likar det.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
  • Målretta miljøarbeid

  • Yting av tenester i tråd med vedtak

  • Aktiv deltaking i kvardagsaktivitetar saman med brukarane (ja, her rører vi oss – både inne og ute)

  • Praktiske og faglege oppgåver i kvardagen

  • Veiledning og samarbeid i personalgruppa

  • Bidra til eit trygt, godt og inkluderande arbeidsmiljø


Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som:
  • er utdanna helsefagarbeidar. Andre relevante fagutdanningar vil og verte vurderte

  • har engasjement for faget og menneska du jobbar med

  • trivst med aktivitet og bevegelse i arbeidstida

  • kan jobbe både sjølvstendig og i team

  • er fleksibel, løysingsorientert og taklar endringar med eit smil 

  • har gode samarbeidsevner og bidreg positivt til arbeidsmiljøet

  • har grunnleggande datakunnskap

  • meistrar norsk, både skriftleg og munnleg

Erfaring frå målretta miljøarbeid og interesse for målgruppa vert vektlagt. Personleg eignaheit er viktig – vi ser etter rett person, ikkje berre rett CV.


Kva kan vi tilby deg?
  • Ein spennande, variert og lærerik jobb

  • Langvaktsturnus som gir meir samanhengande fritid

  • Opplæring og rettleiing

  • Dyktige, hyggelege og løysingsorienterte kollegaer

  • Eit arbeidsmiljø med rom for både fagleg utvikling og humor

  • Moglegheit for tilrettelegging av overnatting mellom vakter for deg som bur i annan kommune

 
Politiattest må framleggjast før tilsetting.

Høyrest dette ut som ein arbeidsplass du kunne trivast i? Då håpar vi å høyre frå deg!


Kontaktpersonar for stillinga: Harald Molven, Verksemdsleiar tenesta for funksjonshemma

Telefon 97436662, harald.molven@ullensvang.kommune.no

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ece0fbf8-2d9c-465f-8578-e10b1a47c1da

Sist endret

19. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3574961_250469_nn

Lignende annonser