Hopp til innhold

100% stilling som miljøterapeut ved Eidesbrotet bofellesskap

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Eidesbrotet bofellesskap

Sted

Eidesbrotet 25, 5750 Odda

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 10. mai

100 % fast stilling som miljøterapeut – Eidesbrotet bufellesskap

Er du ein fagleg trygg miljøterapeut som evner å sjå kvar innsatsen trengst, og som trivst med både fagleg ansvar og praktisk arbeid?

Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for voksne med ulike bistandsbehov. Vi yter tenester til 17 personar i bufellesskapet og i nærområdet. Vår visjon er å levere tenester med god kvalitet gjennom trygge rammer og aktiv brukarmedverknad. Vi jobbar for at kvar enkelt bebuar skal meistre sin eigen kvardag og oppleve størst mogleg grad av sjølvstende.

Vi søker no ein engasjert og proaktiv miljøterapeut som vil bli ein del av vårt inkluderande arbeidsmiljø prega av arbeidsglede, inspirasjon og høg fagleg etikk. Stillinga inneber arbeid for tida kvar 4. helg.

  

Dine arbeidsoppgåver

Som miljøterapeut hjå oss får du ein variert kvardag der du må kombinere faglege rutinar med praktisk handling:

  • Målretta miljøarbeid: Planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak kring den enkelte bebuar.

  • Legemiddelhandtering: Ansvar for trygg medisinhandtering, nøyaktig dokumentasjon og oppfølging av medisinske rutinar i tråd med lovverk og interne retningslinjer.

  • Sjølvstendig ansvar: Du evner å sjå kva oppgåver som må gjerast i kvardagen, tek initiativ og prioriterer arbeidsoppgåver ut frå avdelinga sine behov.

  • Fagleg ansvar: Sikre at tenester blir ytt i tråd med gjeldande vedtak og lovverk (herunder Kap. 9).

  • Kvalitetsarbeid: Bidra til utforming og oppfølging av interne rutinar i tett samarbeid med leiar.


Kvalifikasjonar

  • Fullført 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning (vernepleiar, sjukepleiar, sosionom eller tilsvarande).

  • Erfaring med eller interesse for medisinhandtering (nødvendig opplæring/autorisasjon vil bli prioritert).

  • God skriftleg og munnleg framstellingsevne på norsk.

  • Du er i god fysisk form og trivst med å vere i aktivitet, då tur og rørsle er ein viktig del av kvardagen for bebuarane våre.


Kven er du?

Vi ser etter deg som er fagleg trygg og har eit reflektert menneskesyn. Du:

  • Er sjølvgåande: Du ventar ikkje på beskjed, men ser kva som må gjerast både fagleg og praktisk i bufellesskapet.

  • Er nøyaktig: Du forstår kor viktig gode rutinar er, særleg knytt til medisinar og dokumentasjon.

  • Bevarer roen: Du handterer uforutsette situasjonar på ein fagleg og etisk forsvarleg måte.

  • Er løysingsorientert: Du er fleksibel og ser moglegheiter der andre ser utfordringar.

  • Er ein lagspelar: Du bidreg aktivt til eit positivt og støttande arbeidsmiljø.


Vi tilbyr

  • Ein meiningsfylt jobb med spennande faglege utfordringar.

  • Systematisk opplæring og rettleiing, inkludert nødvendige kurs i medisinhandtering.

  • Dyktige og inkluderande kollegaer som spelar kvarandre gode.

  • Gode vilkår gjennom Ullensvang kommune, inkludert rekrutteringsavtale og gunstige pensjonsordningar.

  • Lønn etter gjeldande hovudtariffavtale.

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Simona Jurkiene

Avdelingsleiar

+47 46905658

simona.jurkiene@ullensvang.kommune.no

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1cdce7c3-03af-4c4a-9e36-1871639dfd47

Sist endret

14. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3617349_250469_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser