Hopp til innhold

Miljøarbeidar/assistent, i inntil 40% fast stilling

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Eivindvikvegen 1086, 5966 Eivindvik

Om jobben

Stillingstittel
Eining helse. Tilsetjing 40% fast stilling som miljøarbeidar/assistent frå snarast
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. mars

Om stillinga 

Gulen kommune, for tida ved eining helse/psykisk helse og rus, har ledig i inntil 40% fast stilling som miljøarbeidar/assistent frå snarast. 

Likar du praktisk arbeid, gjerne utandørs, og vil vere med å drifta eit tilbod i lag med psykisk helse og rus? Då kan DU vere den vi gjerne vil  ha med på laget. Har du fagbrev som handtverkar eller liknande er det flott, men ikkje noko krav. Vi ynskjer deg som likar å vere i lag med andre og kan vere ein god støttespelar for brukarane våre. Stillinga er fordelt på tre dagar, og ein må rekne med noko ettermiddagsarbeid den eine dagen. 


Arbeidsoppgåver 

  • Planlegge og gjennomføring av praktiske oppgåver, til dømes; klippe plen, rydding av sti, lage blomsterkassar, køyreoppdrag og liknande. Målet er å skape meiningsfulle aktivitetar for brukarane våre. 
  • Oppfølging av brukarar, til dømes; samtalar, spasertur og liknande
  • Tverrfagleg samarbeid med andre einingar i kommunen, til dømes eigedomsforvaltning  
  • Rapportering/dokumentasjon 
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonskrav 

  • Ynskjeleg med relevant fagbrev, men ikkje eit krav
  • Førarkort klasse B
  • Ynskjeleg med førarkort for tilhengar 
  • Må ha erfaring med bruk av verkty 
  • God kunne snakke godt norsk 
  • Gyldig politiattest 

Personlege eigenskapar 

  • Er praktisk anlagt  
  • Likar å vere i lag med andre menneske 
  • Har respekt for brukarane og er omgjengeleg 
  • Godt humør og er raus
  • Trivst utandørs 
  • Vere ein person med initiativ og som kan finne praktiske løysingar på utfordringane som dukkar opp  

Personleg eignaheit vil verte vektlagt ved tilsetjing


Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar 
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Kontaktpersoner for stillingen

Elizabeth Høydal

Einingsleiar helse

+4757782065

elizabeth.hoydal@gulen.kommune.no

Anne Karin Haveland

Fagleiar psykisk helse og rus

+4740401049

anne.karin.haveland@gulen.kommune.no

Om bedriften

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ec510d97-4de5-4c51-892d-31100061e8f5

Sist endret

13. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10282369

Lignende annonser

Miljøtenesta (helse). Sommarvikarar 2026

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Dalsøyra

Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Tilsetjing 75% fast sjukepleiar

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Eivindvik