Hopp til innhold

Konsulent, 100% fast stilling

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Gulafjordvegen 1519, 5960 Dalsøyra

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sone BBD/Miljøtenesta. Tilsetjing 100% fast st. konsulent frå snarast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Om stillinga 

Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som konsulent innan pleie- og omsorgstenesta frå snarast. Stillinga er knytt til heimetenesta i områda Brekke, Dalsøyra og Byrknes, samt Miljøtenesta i Gulen kommune. Stillinga er fordelt 50%/50% mellom desse eininga og ein forheld seg til leiar ved begge einingane. Kontorstad for tida er Dalsøyra.


Arbeidsoppgåver 

  • Konsulenten er medansvarleg for at eininga sine administrative mål vert oppfylt
  • Arbeid med turnus/arbeidsplan (Visma ressursstyring); skaffe vikarar, dagleg ajourhald i Visma ressursstyring
  • Fakturabehandling 
  • Innkjøp i e-handel  
  • Bistå einingsleiarane ved behov
  • Bidra til god arbeidsflyt i/mellom einingane, og ut mot andre einingar 
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonskrav 

  • Minimum fagbrev innan kontor- og administrasjonsfag, eller tilsvarande utdanning. Relevant og god erfaring frå liknande arbeid kan kompensere for manglande utdanning. Dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar, kan andre søkjarar med relevant kompetanse også verte vurdert 
  • Gode IKT-ferdigheiter 
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
  • Det er ein fordel å ha erfaring frå tilsvarande oppgåver
  • Ynskjeleg med førarkort klasse B

Personlege eigenskapar 

  • Må vere tydeleg, ansvarsbevisst, stabil, systematisk og fleksibel 
  • Vere sjølvstendig i sitt arbeid og søke kunnskapen ein treng for å utføre arbeidsoppgåvene
  • Stillinga krev at ein føl reglar og retningslinjer og står støtt avgjersler som vert tatt
  • Må ha gode relasjonelle eigenskapar og samarbeide godt
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Om bedriften

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4130aa51-6551-454d-9549-3a136bc17f49

Sist endret

20. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10289951

Lignende annonser

Laster lignende annonser