Hopp til innhold

Helsefagarbeidar, 100% fast stilling med bonusordning

Arbeidsgiver

Gulen kommune

Sted

Gulafjordvegen 1519, 5960 Dalsøyra

Om jobben

Stillingstittel
Sone BBD. Tilsetjing 100% fast helsefagarbeidar frå 01.06.26/etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 10. mai

Om stillinga 

Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar ved Sone Brekke, Byrknes og Dalsøyra (Sone BBD) frå 01.06.2026/etter avtale. Stillinga er i utgangspunktet 100%, men dersom ein ynskjer redusert prosent, kan ein skrive dette i søknaden, så kan ein vurdere moglegheitane for dette. 

Stillinga er for tida knytt til avdeling Dalsøyra, med i utgangspunktet langvaktturnus, med arbeid kvar 4. helg.  Det er lagt opp til fleire "rause" friperiodar i turnusen til denne stillinga, pr. i dag. 

Me tilbyr: 
  • Bonusordning på 50 000kr (i 100% stilling) ved binding i 2 år i denne stillinga. Bonus vert som hovudregel betalt ut på slutten av bindingstida, om ikkje anna vert avtalt
  • Løn over tariff for helsefagarbeidar i turnus
  • Ekstra helgekompensasjon ved gått vakt 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

I sone BBD arbeider det både nyutdanna og tilsette med lang erfaring. Det er eit tett og godt samarbeid mellom assistentar, fagarbeidarar og sjukepleiarar/vernepleiarar kvar dag. Samarbeidet er viktig for at tenestene våre skal verte best mogleg for innbyggjarane i Gulen kommune, og noko me har fokus på kontinuerleg. Eininga har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving blant helsefagarbeidarane. 


Arbeidsoppgåver 

  • Hjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå
  • Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonskrav 

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar. Søkjarar utan fagbrev kan verte vurdert for mellombels stilling. 
  • Førarkort klasse B
  • Gyldig politiattest 
  • God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)

Personlege eigenskapar 

  • Kommuniserer godt på norsk, og har erfaring frå og god kjennskap til norsk helsevesen
  • Samhandlar godt med brukarar og andre samarbeidspartnarar
  • Jobbar sjølvstendig, tar initiativ, er fleksibel og løysingsorientert
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.

Kontaktperson for stillingen

Aina Furebotn

Einingsleiar sone BBD

+4757781654

aina.furebotn@gulen.kommune.no

Om bedriften

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.

Kommunen har 2260 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.  

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4bcef2f3-9c24-4e58-b40d-032290a58ee3

Sist endret

29. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10293488

Lignende annonser

Laster lignende annonser