Teamleiar med fagansvar ved Erfjord skule
Suldal kommune Erfjord skule
Erfjordvegen 16, 4233 Erfjord
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 80%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 19. november
Me har ledig 80% stilling som teamleiar med fagansvar ved Erfjord skule frå snarast til 31.07.26, med moglegheit til forlenging.
Om stillinga:
Vår teamleiar går snart ut i permisjon, og me søkjer derfor etter vikar i 80% stilling med oppstart så snart som mogleg.
Stillinga er knytt til eitt team kring enkeltbarn. Som fagleiar i teamet, som består av pedagog, fagarbeidar og miljørettleiar, vil ditt arbeid vera å koordinera, rettleia og følgja opp medarbeidarar i teamet. Du vil i samarbeid med rektor ha hovudansvar for kommunikasjon med heimen og støtteinstansar kring enkeltelev.
Som teamleiar vil du jobba administrativt deler av tida, men i det ordinære og på dagleg basis også vere del av opplæringsmiljøet.
Arbeidet ditt som team-leiar vil blant anna bestå av følgjande:
- Samarbeids-møter med leiinga. Rapportere oppover og iverksette vedtak nedover.
- Ha hovudansvar for kommunikasjon med heim og støtte-instansar kring eleven, i samarbeid med rektor.
- Utarbeide tiltak, rutinar og instruksjonar til bruk i dagleg drift
- Ha ansvaret for å planlegge og lede felles statusmøter med leiing, støtte-instansar og andre deltakarar i laget rundt barnet
- Ha ansvar for å planlegge og lede jamnlege utviklingsmøter i teamet. Fokus på felles kompetanseheving, å bygge laget og utvikle felles praksis.
- Modellere og instruere teamet om praktisk handtering i elevmiljø
- Informere ut, kurse og rettleie øvrig personalgruppe og føresettgrupper etter behov
Kvalifikasjonar:
- 3-årig bachelor innan helse – og sosialfaglege yrker, som t.d. offentleg godkjend barnevernspedagog, vernepleiar eller sjukepleiar.
- Tilleggsutdanning på høgskulenivå innanfor eitt eller fleire felt som t.d. førebygging og handtering av atferd, barne- og ungdomspsykiatri, sosial-pedagogikk eller spesialpedagogikk
Personlege eigenskapar:
- Du har handlingskompetanse, og har evne til å ta avgjernadar og skapa endringar
- Du er god på relasjonsbygging
- Du er ein trygg og stabil vaksen
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du er tydeleg og varm i møte med barn og vaksne
- Du har eit positivt menneskesyn
Hjå oss i Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- Bedriftshelseteneste
- Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
- Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved oppstart. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlegheitslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Slik søkjer du:
Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «Send søknad» og følg vidare instruksjonar.
Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ebd21a51-5bc5-4e21-89f3-a36144160a96
- Sist endret
4. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3560715_203729_nn
Lignende annonser
Miljørettleiar
Arbeidsgiver
Suldal kommune Erfjord skule
Sted
Erfjord
Arbeidsgiver
Suldal kommune Stølane barnehage
Sted
Erfjord
Arbeidsgiver
Ombo oppvekstsenter, Stavanger kommune
Sted
Ombo