Hopp til innhold

Vil du vere med å forma framtida til barn- og unge?

Arbeidsgiver

Suldal kommune Suldal kommune

Sted

Eidsvegen 7, 4230 Sand

Om jobben

Stillingstittel
Lærling - barne- og ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 16. februar

Me søkjer etter deg som er omsorgsfull, engasjert, og vil arbeida med barn og unge. Som lærling får du praktisere det du har lært på skulen samstundes som du lærer meir om å skapa relasjonar og var ein tydeleg voksen. Du vil få varierte og meiningsfulle oppgåver, som gir deg moglegheita til å utvikla deg både fagleg og personleg. Hos oss får du ein kvardag fylt med utfordringar og meistring, og me skal gjer deg trygg i læreløpet. Som lærling hos oss får du arbeida med barn og unge i barnehage og skule/SFO.

Læretida er normalt 2 år, og oppstart er august 2026.

Intervju blir gjennomført i vinterferien (mellom 23-27. februar).

Kva kan me tilby som arbeidsplass?
  • 100 % stilling i læretida
  • Oppfølging av dyktige instruktørar.
  • Sommarfest for sommarvikarar og lærlingar
  • Me har eit aktivt velferdsutval som fleire gongar i året arrangerer felles aktivitetar og samlingar.
  • Me er opptatt av å vera i stadig utvikling og er stolte av å kalla oss ein LEAN-kommune. Hos oss får du høve til å vera med å skape framtidas Suldal.
  • Fagleg utvikling skjer sjeldan aleine. Me er opptatt av å læra av kvarandre og legg opp til at det skal vera aktive og gode fagmiljø rundt våre tilsette.
Kven søkjer me?
  • Du som har bestått VG1 helse og oppvekst
  • Du som har bestått VG2 barne- og ungdomsarbeidarfaget eller ferdig med dette juni 2026.
  • Me nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon i Suldal kommune. Er nynorsken litt rusten? Ikkje la vera å søk! Me hjelp deg med å friske opp kunnskapane.

Me priorieterer søkjarar med ungdomsrett og som er busett i Suldal kommune, men andre kan søkja.

Andre opplysningar:
  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar. Og tuberkuloseattest iht. forskrift
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa. Fagansvarleg i faget er Konrad Jårvik.
  • Suldal kommune samarbeider med opplæringskontoret Rytopp. For meir informasjon sjå www.rytopp.no
  • Kommunen følg offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
  • Lønn etter tariff (for lærling)
Slik søkjer du:
  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Hugs å leggja ved vitnemål fra VG1 og karakterutskrift fra VG2 (1.termin).
  • Treng du hjelp, kan du venda deg til kommunen på tlf 52 79 22 00
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Elise Nedrejord

HR-rådgjevar

+47 95985834 +47 52792320

elise.nedrejord@suldal.kommune.no

Om bedriften

Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft. Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår. Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg. Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad. Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen. Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt. Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6384c366-0c90-4396-aa7d-f4d3cd7186c8

Sist endret

4. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3591129_199817_nn

Lignende annonser