Miljørettleiar til team ved Erfjord skule
Suldal kommune Erfjord skule
Erfjordvegen 16, 4233 Erfjord
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljørettleiar
- Type ansettelse
- Engasjement, deltid 80%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 19. november
Erfjord skule er ein 1. – 7. skule med om lag 70 elevar. Skuleåret 2025 – 2026 består laget vårt av om lag 8 årsverk lærarstillingar, 4 årsverk fagarbeidarstillingar, og 1,3 årsverk leiing.
Om stillinga:
Me har ledig 80% stilling som miljørettleiar ved Erfjord skule med oppstart så snart som mogleg, med moglegheit for forlenging. Stillinga er knytt til eitt team kring enkeltbarn. Teamet vil bestå av teamleiar, lærar, miljørettleiar og fagarbeidarar. Som miljørettleiar vil du arbeide i opplæringsmiljøet kring eleven.
Arbeidet ditt som miljørettleiar vil blant anna bestå av følgjande:
- Vere i opplæringsmiljøet, og følgje opp eleven i daglege gjeremål innandørs og utandørs
- Delta i samarbeids-møter med leiing og teamleiar ved behov
- Fagleg støttespelar for teamleiar
- Kommunikasjon med heim, støtte-instansar kring eleven og andre etter behov
- Delta i utarbeiding av tiltak, rutinar og instruksjonar til bruk i dagleg drift
- Delta i utviklingsmøter i teamet
- Rettleie fagarbeidar og eventuelt andre fagpersonar som går inn i opplæringsmiljøet
- Skrive dagsrapportar
Kvalifikasjonar
- 3-årig bachelor innan helse – og sosialfaglege yrker, som t.d. offentleg godkjend barnevernspedagog, vernepleiar eller sjukepleiar.
- Det er eit føremon om du har erfaring med tilsvarande arbeid.
Personlege eigenskapar:
- Du er god på relasjonsbygging
- Du er ein trygg og stabil vaksen
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du er tydeleg og varm i møte med barn og vaksne
- Du har eit positivt menneskesyn
- I tillegg ynskjer me at du har førarkort klasse B (vanleg sertifikat)
Hjå oss i Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- Bedriftshelseteneste
- Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
- Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved oppstart. Attesten kan
- ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlegheitslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «Send søknad» og følg vidare instruksjonar.
Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5d2e3192-4af0-4f95-af3c-1e7014b83f87
- Sist endret
4. november 2025
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3560727_203729_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Suldal kommune Erfjord skule
Sted
Erfjord
Arbeidsgiver
Suldal kommune Stølane barnehage
Sted
Erfjord
Lærling 2026
Arbeidsgiver
Hjelmeland kommune Oppvekst
Sted
Hjelmeland