Undervisningsinspektør
Florø ungdomsskule
Havrenesvegen 4, 6905 Florø
Om jobben
- Stillingstittel
- Undervisningsinspektør
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 22. mars
Vi søkjer etter ein engasjert undervisningsinspektør med gode fagkunnskapar og evne til å skape gode relasjonar til elevar og kollegaer. Vi forventar at nytilsette vil arbeide etter dei verdiar og i dei organisasjonsstrukturar som er gjeldande ved skulen vår. Aktuelle søkarar må rekne med intervju og kunne oppgje referanse.
Arbeidsoppgåver
Som undervisningsinspektør:
- er du pedagogisk leiar for læringsmiljøet på trinn, med oppgåver knytt til fagleiing, personal, kartlegging og rapportering.
- får du tildelt særskild leiaransvar på eitt eller fleire hovudområde. Dette kan vere helse, miljø, tryggleik, bygg/inventar, læringsressurser, timeplanlegging, spesialundervisning, innkjøp m.fl
- vil du være sentral i arbeidet med læringsmiljø, fagutvikling og profesjonskultur.vil du være deltakar i skulens leiarteam.
- vil du kunne få systemansvar på digitale fagsystem, vere med å forvalte vikarordning mm
- bidreg du i kommunens nettverk for leiarar i oppvekstsektoren.
- har du klare tankar om pedagogisk leiing og korleis du vil bidra til at slike tankar vert omsett til praksis.
- vil du kunne fronte eit ressursperspektiv på menneske og tillitsbasert læringsleiing.
- har du eit engasjement og interesse for tverrfagleg arbeid for barn og unge.
- bidreg du til optimal ressursbruk og bærekraftig økonomistyring
Det er lagt inntil 50% undervisning til stillinga. Den som blir tilsett må ha undervisningskompetanse i sentrale fag som engelsk, norsk og/ eller matematikk tilsvarande kompetansekrava på ungdomstrinnet.
Kvalifikasjonar
Ønskjelege kvalifikasjonar:
- lærarutdanning/ leiarutdanning, gjerne tilsvarande masternivå
- leiarerfaring
- erfaring fra grunnskule, helst ungdomstrinn
- kjennskap til relevant lovverk og sakshandsaming
- kjennskap til relevante fagsystem
- relasjonsorientert og med evne til samhandling og rettleiing
Personlege eigenskapar
Evne til profesjonsetisk refleksjonInitiativrik
Stor arbeidskapasitet
Vi tilbyr
Gode løns-og pensjonsvilkårTilgang til god kompetanseutvikling
Eit spanande og dynamisk kollegium!
Kontaktinformasjon
Jan Solheim, Konstituert rektor ved Florø Ungdomsskule, +47 91586981Arbeidsstad
Havrenesvegen 46905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5092762666
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Jan Solheim
Konstituert rektor ved Florø Ungdomsskule
+47 91586981
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ebc693f2-7b67-4e2f-af61-5f714ffbe20c
- Sist endret
9. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8065e92aedbf4e0890feee75053467e0
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Florø ungdomsskule
Sted
Florø
Arbeidsgiver
Barnehage, Kinn kommune
Sted
Florø
Pedagogisk leiar, vikariat med muligheit for forlenging/fast tilsetjing
Arbeidsgiver
Torvmyrane skule og barnehage
Sted
Florø