Hopp til innhold

Lærar

Arbeidsgiver

Florø ungdomsskule

Sted

Havrenesvegen 4, 6905 Florø

Om jobben

Stillingstittel
Lærar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. mars

Vi søker inntil 4 lærarar i vikariat 100%  stilling i tidsrommet 01.08. 2026 - 31.07. 2027. 

Inntil 2 stillingar er knytt til faga norsk, engelsk, samfunnsfag, KRLE og valfag.
Inntil 1 stillingar er knytt til faga matematikk, naturfag og valfag.

Inntil 1 stilling er knytt til musikk

Andre aktuelle fag/ kompetanser er norsk som andrespråk, spesialpedagogikk og kroppsøving. Det kan bli aktuelt å setje saman stillingane med andre fagkombinasjonar enn det som er oppsett.

Florø ungdomsskule har skuleåret 2025/ 2026 ca. 440 elevar i 17 klasser og 78 tilsette. Vi har ei eiga avdeling for særskild norskopplæring og integrering. Det vert lagt vekt på kontinuerleg profesjonsutvikling etter mål om inkluderande praksis og eit godt og trygt miljø for alle. Dette inneber at dei tilsette må vere utviklingsorienterte både kollektivt, gjennom samskaping, og individuelt, i forhold til eigen praksis. Saman med dei andre skulane i Kinn arbeider vi systematisk med inkluderande skulemiljø. Skulen satsar på forsterka tilpassa opplæring, og har to lærarar i kvar klasse i norsk, engelsk og matematikk. Teknologi er eit satsingsområde, og alle elevar og tilsette har eigne digitale einingar. Florø ungdomsskule har tradisjon for kulturbaserte miljøprosjekt, t.d. konsertar og musikaloppsetjingar, og aktivitetar i fellesareala våre som engasjerar og inkluderar. Vi søkjer etter engasjerte lærarar med gode fagkunnskapar og evne til å skape gode relasjonar til elevar og kollegaer. Vi forventar at nytilsette vil arbeide etter dei verdiar og i dei organisasjonsstrukturar som er gjeldande ved skulen vår. Aktuelle søkarar må rekne med intervju og kunne oppgje referanse.

 

Arbeidsoppgåver

Lærings- og undervisningsoppgåver, kontaktlærar. 

Kvalifikasjonar

Lærarutdanning, gjerne tilsvarande masternivå
Erfaring frå grunnskule helst ungdomstrinn
Relasjonsorientert og med evne til samhandling og rettleiing.
Undervisningskompetanse tilsvarande kompetansekrava på ungdomstrinnet.

Personlege eigenskapar

Ønskjelege eigenskapar:
Engasjement til å skape gode lærings-og utviklingsvilkår for ungdom
Oppteken av eiga læring og utvikling, og trivast i eit miljø som gjev deg høve til dette.
Evne til profesjonsetisk refleksjon
Initiativrik og stor arbeidskapasitet

Vi tilbyr

Gode løns-og pensjonsvilkår
Tilgang til god kompetanseutvikling
Eit spanande og dynamisk kollegium!

Kontaktinformasjon

Jan Solheim, Konstituert rektor ved Florø Ungdomsskule, +47 91586981

Arbeidsstad

Havrenesvegen 4
6905 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 5092760201
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Jan Solheim

Konstituert rektor ved Florø Ungdomsskule

+47 91586981

Om bedriften

Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.  Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.  I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

36f31768-dce8-451c-87cd-d71b49c0fd8e

Sist endret

10. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

88427b03083143d38e4768de79b2c910

Lignende annonser