Hopp til innhold

Barnehagelærar

Arbeidsgiver

Barnehage, Kinn kommune

Sted

Slettevollsholten 11, 6908 Florø

Om jobben

Stillingstittel
Barnehagelærar
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 24. mars

Vi søkjer ein engasjert, trygg, leiken og relasjonskompetent barnehagelærar som vil vere med å skape dei aller beste kvardagane for barna i Brandsøy barnehage. Barnehagelæraren vil ha hovudansvar for spesialpedagogiske oppgåver i tett samarbeid med avdelinga, og ei fagleg viktig rolle som bidreg til heilskapleg oppfølging av barna.

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av barn med vedtak etter barnehagelova § 31 og 37, inkludert planlegging, gjennomføring og vurdering av spesialpedagogiske tiltak.
  • Tett samarbeid med foreldre, avdelingspersonale og eksterne faginstansar for å sikre heilskapleg oppfølging av barna.
  • Utforming og oppfølging av mål og tiltak i individuelle oppfølgingsplanar, i tråd med faglege føringar.
  • Bidra aktivt til ein trygg, god og føreseieleg barnehagekvardag for alle barn på avdelinga.
  • Samarbeid med personalet for å styrkje det inkluderande leike- og læringsmiljøet.
  • Observere, vurdere og dokumentere utvikling og behov hos barna på ein fagleg og omsorgsfull måte.
  • Bidra i plandagar, møter og faglege prosessar i barnehagen.
  • Delta i daglege rutinar og aktivitetar for å sikre eit godt pedagogisk og sosialt miljø.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnehagelærar eller annan relevant pedagogisk utdanning som gir tilsvarande kompetanse.
  • Gjerne vidareutdanning i spesialpedagogikk, eller erfaring frå spesialpedagogisk arbeid i barnehage.

Personlege eigenskapar

  • God relasjonskompetanse og evne til å skape trygge, varme og utviklande miljø for barn.
  • Evne til å planleggje, gjennomføre og vurdere spesialpedagogiske tiltak i tråd med faglege og juridiske krav.
  • God samarbeidsevne og lyst til å jobbe tett saman med foreldre, kollegaer og eksterne faginstansar.
  • Evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og fleksibelt i ein variert kvardag.
  • Gode munnlege og skriftlege norskferdigheiter, jamfør barnehagelova sine krav.
  • Personleg eignaheit vert vektlagt.

Vi tilbyr

Eit nytt og moderne skulebygg og eit godt profesjonsfellesskap. Eit arbeidsmiljø med mykje humor og positivitet. Spanande og varierte arbeidsdagar.  Lønns- og arbeidsvilkår som er fastsett i lov og avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Monica Bøhmer, Rektor Brandsøy skule, +47 90837323
Benjamin Eggen, Assisterande rektor Brandsøy skule, 97546260

Arbeidsstad

Slettevollsholten 11
6908 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune

Referansenr.: 5093958232
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 24.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Benjamin Eggen

Assisterande rektor Brandsøy skule

97546260

Monica Bøhmer

Rektor Brandsøy skule

+47 90837323

Om bedriften

Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling.  Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget.  I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e3e2904b-8f83-4698-8017-f2c219900ce0

Sist endret

9. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4bc18fc1c9424348a33edffc8ed005f0

Lignende annonser

Pedagogisk leiar, vikariat med muligheit for forlenging/fast tilsetjing

Arbeidsgiver

Torvmyrane skule og barnehage

Sted

Florø