Hopp til innhold

Ledig stilling innan informasjons- og dokumentasjonsforvalting

Arbeidsgiver

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

Sted

Fortunen 1, 5013 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Ledig stilling innen informasjons- og dokumentasjonsforvalting
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Om stillinga og avdelinga

Vi søkjer ein engasjert og lærevillig førstekonsulent innan dokumentasjonsforvaltning til vårt kontor i Bergen. Er du opptatt av gode arbeidsprosessar, digitalisering og moglegheitene innan kunstig intelligens? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Avdeling for informasjons- og dokumentasjonsforvalting har i dag 13 faste tilsette, fordelt på kontor i Bergen og Oslo. Avdelinga har ansvaret for å legge til rette for ei heilheitleg informasjonsforvalting, og at direktoratet følgjer lover og reglar innan dokumentasjonsforvalting. Fagområda er i stor utvikling, og vi treng ein førstekonsulent som kan sjå moglegheiter for standardisering og automatisering av arbeidsprosessar, og bruken av kunstig intelligens (KI).   


Arbeidsoppgåvene vil vere

  • Postmottak, journalføring og kvalitetskontroll
  • Handsaming av innsyn og offentleg journal
  • Opplæring, støtte og rådgjeving til sakshandsamarar
  • Vedlikehald og vidareutvikling av prosedyrar og rettleiingar for saksbehandling og arkiv
  • Arbeid med dokumentasjonsplan, internkontroll og automatisering av arbeidsprosessar ved hjelp av KI
  • Deltaking i arkivfaglege prosjekt 

Kva kvalifikasjonar treng vi?

Du må ha:

  • høgare utdanning på minimum bachelornivå innan relevante fagområde. Vi oppmodar nyutdanna til å søkje.
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk 

Det er i tillegg eit føremon om du har:

  • erfaring med M365 og  sak- og arkivsystem, fortrinnsvis Public 360
  • erfaring innan dokumentasjonsforvaltning i offentleg verksemd
  • interesse for prosessforbedring og bruk av KI
  • kjennskap til relevant lov- og regelverk 

Vi ønskjer at du:

  • er fleksibel og omstillingsdyktig
  • har gode evner til å samarbeide og kommunisere internt i avdelinga og direktoratet
  • arbeider strukturert og nøyaktig  
  • er løysingsorientert og ser etter nye moglegheiter 

Hos oss får du:

  • eit uformelt og godt fag- og arbeidsmiljø 
  • høve til kompetanseheving fagleg utvikling 
  • fleksibel arbeidstidsordning og høve for å jobbe heimanfrå delar av arbeidstida 
  • høve til trening i arbeidstida med inntil to timar i veka 
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode pensjons- og låneordningar 

Lønsvilkår

  • lønsplassering etter kompetanse som førstekonsulent, med ei årsløn på mellom 
    kroner 520 000 og 600 000
  • to prosent trekk til lovfesta innskot i Statens pensjonskasse

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

I HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen. Avkryssing i Jobbnorge gir grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. 


Offentleg søkjarliste

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv ber om ikkje å verte ført opp på søkjarliste, jf. Offentleglova § 25. Søkjaren vert i så tilfelle informert om dette på førehand. 


Søknad og CV

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi oppmodar deg om å gje tilgang til vitnemålsportalen. 


Kontaktperson

Namn: Henriette Olderøy

e-post: henrietter.olderoey@hkdir.no

telefon: +47 400 66 106


Om bedriften

Direktoratet for høgre utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit samla, nasjonalt ansvar for forvaltingsoppgåver innan høgre utdanning, høgre yrkesfagleg utdanning og kompetansepolitikk. Vi er fagleg rådgjevar for Kunnskapsdepartementet, set i verk politikken og samordnar verkemidla. Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrkje det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høgskolar.

Vi jobbar for å løfte kompetansen i befolkninga, gjere utdanning og opplæring av høg kvalitet tilgjengeleg for alle heile livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.

Les meir om HK-dir her

Vi har kontor i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

eacb46fe-4428-445a-ab16-3ff3f49636c0

Sist endret

5. januar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10272800

Lignende annonser