Hopp til innhold

Ledig stilling innan analyse og kunnskapsgrunnlag

Arbeidsgiver

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse

Sted

Fortunen 1, 5013 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Ledig stilling innan analyse og kunnskapsgrunnlag
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 15. mai

Om stillinga og avdelinga

Vi søkjer ein fagleg sterk seniorrådgivar med forskarerfaring og interesse for utdannings- og kompetansepolitikk. Stillinga vert utlyst då ein av våre dyktige medarbeidarar går vidare til ny stilling i utanrikstenesta.

Analyse og kunnskapsgrunnlag er eit satsingsområde i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Vi byggjer eit sterkt fagmiljø, som skal bidra til ein meir kunnskapsbasert utdannings- og kompetansepolitikk. Analyse og FoU er ein sentral del av dette arbeidet, og vi søkjer deg med relevant erfaring til ei fast stilling hjå oss. 

Oppgåvene i stillinga vil vere varierte og innan heile HK-dirs ansvarsområde. Vi arbeider både med eigne prosjekt og med å støtte resten av HK-dir med vår spisskompetanse. Dine kvalifikasjonar og interesse vil elles påverke innhaldet i stillinga innan kjerneområdet analyse.

Stillinga er organisatorisk plassert i Divisjon for analyse og kunnskapsgrunnlag, Avdeling for utgreiing, evaluering og forsking. Avdelinga har i dag 12 medarbeidarar, fordelte på HK-dir sine kontorstadar i Oslo og Bergen. Din arbeidsplass vil vere i Bergen. Det er tett samarbeid innan eigen divisjon, særskilt med Avdeling for undersøkingar og analyse. Samla sett har divisjonen 50 medarbeidarar. 


Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere

  • gjennomføre analyser og utarbeide rapportar og notat, som grunnlag for politikkutvikling
  • styrkje HK-dir si evne til å ta i bruk forsking i kunnskapsutvikling og forvaltingsstøtte
  • utvikle og drive FoU-koordinering i HK-dir, inkludert fagleg støtte og intern kompetanseutvikling
  • utvikle og følgje opp eksterne FoU-prosjekt, mellom anna oppdrag frå HK-dir og samarbeidsprosjekt med forskingsmiljø 
  • utvikle og ivareta faglege nettverk på FoU-området, og følgje opp eksisterande forskarnettverk innan høgare yrkesfagleg utdanning 
  • bidra til andre oppgåver innan ansvarsområda i avdelinga

Kva kompetanse treng vi?

Du må ha:

  • relevant høgare utdanning og doktorgrad (PhD) med gode resultat, helst innan samfunnsvitskap eller humaniora. Særskilt relevant arbeidserfaring frå forsking, analyse, utgreiing eller evaluering, kan kompensere for manglande doktorgrad 
  • svært  gode og dokumenterte analytiske ferdigheiter
  • svært god generell metodefortåing
  • svært god skriftleg framstillingsevne på norsk 
     

Det er i tillegg ein fordel om du har:

  • erfaring med og interesse for kunnskapsbasert politikkutforming 
  • erfaring frå offentleg forvalting eller større organisasjonar, gjerne departement eller direktorat 
  • dokumentert erfaring med prosjektleiing innan forsking, analyse, utgreiing eller evaluering 
  • gode ferdigheiter i engelsk, både skriftleg og munnleg 

Vi søkjer deg som:

  • har høg gjennomføringsevne og leverer arbeid av høg kvalitet 
  • har gode samarbeidsevner og samstundes evne til å arbeide sjølvstendig 
  • evnar å tenkje heilskapleg og sjå samanhengar i eit komplekst samfunnsoppdrag 

Hos oss får du:

  • spanande og utfordrande arbeidsoppgåver med å byggje kunnskapsgrunnlaget for utdanning- og kompetansepolitikk i framtida
  • eit godt og uformelt fag- og arbeidsmiljø i utvikling og vekst
  • gode moglegheiter til fagleg utvikling og kompetanseheving
  • fleksibel arbeidstidsordning, og moglegheit for heimearbeid i delar av arbeidstida
  • trening i arbeidstida med inntil to timar per veke
  • godt tilrettelagde lokale sentralt i Bergen 

Lønsvilkår

  • lønsplassering etter kompetanse
    • seniorrådgivar med ei årsløn mellom kr. 750 000 - 950 000
    • for særs godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med trekk på to prosent til lovfesta pensjonsinnskot 

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

I HK-dir trur vi at mangfald gir oss breiare perspektiv, og at medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar vil gjere oss i stand til å finne enda fleire gode løysningar på våre oppdrag. Vi oppmodar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Vi legg forholda til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en kan du verte positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi inviterer minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å verte positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgjevarportalen. Avkryssing i Jobbnorge gir grunnlag for anonymisert statistikk, som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. 


Offentleg søkjarliste

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om søkjaren sjølv ber om ikkje å verte ført opp på søkjarliste, jf. Offentleglova § 25. Søkjaren vert i så tilfelle informert om dette på førehand. 


Søknad og CV

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere søknad og utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Vi oppmodar deg om å gi tilgang til vitnemålsportalen. 


Kontaktperson

Namn: Stig Helge Pedersen (avdelingsdirektør)

e-post: stig.pedersen@hkdir.no

telefon: +47 977 09 605


Kontaktperson for stillingen

Stig Helge Pedersen

avdelingsdirektør

+4797709605

stig.pedersen@hkdir.no

Om bedriften

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir) har et samlet, nasjonalt ansvar for forvaltningsoppgaver innen høyere utdanning, høyere yrkesfaglig utdanning og kompetansepolitikk. Vi er faglig rådgiver for Kunnskapsdepartementet, og iverksetter politikken og samordner virkemidlene. Direktoratet skal bidra til å utvikle kvaliteten i utdanning og opplæring, styrke det internasjonale samarbeidet og bidra til digital omstilling av universitet og høyskoler.

Vi jobber for å løfte kompetansen i befolkningen, gjøre utdanning og opplæring av høy kvalitet tilgjengelig for alle hele livet, og sikre arbeidslivet tilgang på kompetent arbeidskraft.

Vi har kontorer i Bergen, Oslo, Tromsø og Trondheim

Les mer om HK-dir her
 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cedf8f46-2880-4b36-ae4b-2417559e1f72

Sist endret

4. mai 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10294084

Lignende annonser

Laster lignende annonser