Hopp til innhold

Vil du vera med å vidareutvikla vossaskulen?

Arbeidsgiver

Voss herad Grunnskule

Sted

Voss tinghus, 5700 Voss

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Me søkjer rektor Bulken skule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Om arbeidsstaden:
Bulken skule har  i dag 90 elevar og om lag 14 tilsette. Skulen ligg flott plassert med  Vangsvatnet som næraste nabo og ei mil frå Voss sentrum.
Voss herad søkjer ein utviklingsorientert og kvalitetsbevisst skuleleiar i 100 % stilling som vil bidra aktivt til å utvikle Bulken skule, med målsetjinga av at alle elevar skal oppleve meistring og læring kvar dag. Me søkjer etter ein utviklingsorientert leiar som oppteken av å skape gode, framtidsretta, inkluderande og trygge skulemiljø, i ein skulekultur der alle trekkjer i same retning. Som rektor må du kunne sjå samanhengar, sjå moglegheiter på tvers av fag og vere ein pådrivar i endrings- og utviklingsarbeid.
 

Som skuleleiar i Voss herad skal du:
  • Vere ein synleg og tilgjengeleg leiar som motiverar til felles innsats for elevane si læring og utvikling
  • Sikre ei god dagleg drift av skulen
  • Fremja arbeidsglede, sjå den enkelte medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Vere imøtekomande og oppteken av å skapa gode tenester
  • Bidra aktivt til at skuleeigar når sine mål og intensjonar og implementere kollektive satsingar i vossaskulen i eiga eining 

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Arbeidsoppgåver:
  • Pedagogisk leiing som byggjer på meistringsorientert leiing og bidragsytar til å utvikle profesjonelle læringsfellesskap
  • Leie arbeidet med å utvikla eit trygt, varmt og inkluderande skule – og læringsmiljø
  • Økonomi og personalansvar
  • Leie og motivera tilsette og leggje til rette for fagleg utvikling og felles orientering
  • Forvalta skulen sine ressursar på ein måte som sikrar god trivsel og læring for elevar og tilsette
  • Fylgje opp heradet- og nasjonale føringar for grunnskuleopplæringa

 Kvalifikasjonar:

  • Du har relevant høgare utdanning, solid leiarerfaring samt pedagogisk utdanning og erfaring
  • Du har eit syn på læring  som er i tråd med gjeldande læreplan og evnar å nytte denne kunnskapen i eigen praksis.
  • Du har gode digitale ferdigheiter
  • Rektorutdanning/leiarerfaring og personlege eigenskapar vil bli vektlagt 

 Personlege eigenskapar

  • Du er ein synleg leiar som kan stå fram og viser retning
  • Du kommunisera godt, skapar tillit og er i stand til å bygge gode kollektive lag
  • Du er oppteken av å byggje gode relasjonar med elevane, føresette og dei tilsette
  • Du oppteken av å ivareta tilsette, elevar og føresette godt og hensiktsmessig
  • Du arbeider sjølvstendig, viser initiativ og har høg arbeidskapasitet
  • Du er modig, har god gjennomføringsevne, er oppteken av å sjå moglegheiter og har interesse for endringsarbeid og kvalitetsutvikling
  • Du har godt humør, er fleksibel og trivst med varierte oppgåver og tidvist høgt arbeidspress

 Me tilbyr

  • Ein arbeidskvardag som gjev meining, meistring og eit profesjonelt handlingsrom
  • Ein spanande og utviklande jobb i ei kunnskapsbedrift med høg kompetanse
  • Ein vossaskule som er oppteken av felles kollektiv kompetanseheving og kvalitetsutvikling
  • Eit samarbeidande rektorkollegium med pågangsmot og eit aktivt pedagogisk miljø der det blir lagt vekt på samarbeid samt  fagleg og personleg utvikling
  • Gode støttefunksjonar innan fag, personal og økonomi
 

 Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
 
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e9271f76-bc4a-429d-904c-15897303d83b

Sist endret

7. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3572777_213439_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser