Miljørettleiar
Skodje skule, Ålesund kommune
Stadionvegen 21, 6260 Skodje
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljørettleiar
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. desember
Inntil 100 % engasjementsstilling som miljørettleiar er ledig ved Skodje barne- og ungdomsskule, ved barneskuleavdelinga. Oppstart etter avtale. Stillinga er knytt til elevar med spesielle behov. Det er ynskjeleg med helsefagleg bakgrunn og erfaring.
Skodje barne- og ungdomsskule er ein 1 – 10 skule med ca. 400 elevar, fordelt på to skulebygg. Skulebygga ligg i umiddelbar nærheit med kvarandre, men elevane har ulike uteområde. Vi har omtrent 100 barn i SFO. Skulen har ei unik plassering som ligg tett inn mot store friareal som kan brukast til både organiserte læringsaktivitetar og frileik. Kulturhus, idrettsanlegg og barnehage er våre næraste naboar, forutan nærleik til skog og natur.
Vi har eit positivt og godt arbeidsmiljø med eit engasjert og utviklingsorientert kollegium, med brei og allsidig utdanning og praksis. Jobben som lærar / kontaktlærar er både utviklande og utfordrande.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid med elevar med spesielle behov individuelt og i grupper.
- Planlegge, organisere og gjennomføre opplæring og aktivitetar.
- Sørge for eit trygt og godt læringsmiljø for elevar med stort behov for hjelp og tilrettelegging
- Vere aktiv del av skulen sitt miljøretta arbeid.
- Tilrettelegging, stell, tilpasse dag etter dagsform
- Bygge relasjon til elev/ar med særskilte behov.
Kvalifikasjonar
- Godkjent 3-årig høgskuleutdanning, fortrinnsvis vernepleiar,
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid med born og unge med spesielle og samansette behov.
- Gode IKT-kunnskapar er ein fordel.
- Ønskeleg med ASK kompetanse.
- Erfaring og kompetanse knytt til epilepsi er ønskeleg.
Personlege eigenskapar
- Kunne meistre situasjonar som krev rask og trygg omstilling.
- Strukturert og effektiv
- Initiativrik, fleksibel og løysingsorientert
- Tydeleg, varm, inkluderande, modig og profesjonell
- God på samarbeid og relasjon, men også kunne jobbe sjølvstendig.
- God helse og stabilitet er viktig.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert fellesskap.
- Systematisk utviklingsarbeid i samarbeid med kollegaer og leiing.
- Ein skule som kan nytte dei flotte områda i skulens nærleik som alternative læringsarenaer.
- Eit arbeidsmiljø som er prega av godt samarbeid, samhald og engasjement.
Kontaktinformasjon
Arild Skistad, Rektor, 478 97 914, arild.skistad@alesund.kommune.noArbeidsstad
Stadionvegen 216260 Skodje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 5041853365
Søknadsfrist: 14.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e918ebe7-8265-4ca9-8174-04945121cc54
- Sist endret
28. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
12d7b4301ec148f1810ca0c57f9f449c
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Aure barneskule, Sykkylven kommune
Sted
Sykkylven
Arbeidsgiver
Lerstad skole, Ålesund kommune
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Skodje barne- og ungdomsskule, Ålesund kommune
Sted
Skodje