Hopp til innhold

Tomrefjord skule - Ledig ut skuleåret 2026

Arbeidsgiver

Vestnes kommune Tomrefjord skule

Sted

Lidvegen 14, 6393 Tomrefjord

Om jobben

Stillingstittel
80% engasjement - miljørettleiar ved Tomrefjord skule/SFO
Type ansettelse
Engasjement, deltid 80%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 1. mai

Stillingstype
Det er ledig 80% engasjement som miljørettleiar ved Tomrefjord skule og SFO skule ut skuleåret 2025/2026 frå 01.05 - 31.07.2026, med moglegheit for fast stilling frå 01.08.2026.
Vi søkjer etter miljørettleiar som kan hjelpe og støtte opp i læringsprosessar for elevar med særskilte behov i skule og SFO. Vi tek atterhald om endringar elles i organisasjonen.

Arbeidsoppgåver
- Utarbeide og gjennomføre tilpassa planar for elevar på skule og SFO, i tett samarbeid med faglærarar, føresette og kollegaer
- Tett oppfølging av elevar med særskilte behov
- Delta i møter knytt til elevar med særskilte behov
- Tverrfagleg samarbeid med andre faginstansar
- Legge til rette for eit godt læringsmiljømarbeid
- Rettleie elevar fagleg og sosialt


Kvalifikasjonar
- Vernepleiarutdanning, eller anna relevant høgskule- eller universitetsutdanning som kvalifiserer til arbeid som miljørettleiar
- Erfaring frå arbeid med barn er ønskeleg
- Erfaring med tilrettelegging for barn med nevroutviklingsforstyrring er ønskeleg
- Beherske norsk munnleg og skriftleg
- Ha gode kommunikasjonsevner
- Ha relevante digitale ferdigheiter
- Det blir stilt krav om politiattest
- Personlege eigenskapar vil og bli vektlagt


Personlege eigenskapar
- Har evne til å jobbe sjølvstendig og i team
- Er stabil og fleksibel
- Er fagleg engasert
- Har evne til å opptre som ein trygg og tydeleg vaksen


Vi tilbyr
- Allsidige utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- Løn etter gjeldande regelverk
- Kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- Pensjons- og forsikringsordningar i tråd med tariffavtale


Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.
Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.
Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju.


Referansar
Oppgi referansar


Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsproses. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmål og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende vedlegg. Attestar og vitnemål må takast med til intervju.


Søkjarlista kan bli offentleggjort.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Elisabeth Selnes

41262647

elisabeth.selnes@vestnes.kommune.no

Om bedriften

Tomrefjord skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med ca. 215 elevar. Skulen ligg fint til mellom fjord og fjell, og disponerer område med gapahuk ved sjøen. Naturen blir brukt aktivt i undervisninga. Rett ved skulen ligg også nyrenovert idrettshall med tilhøyrande svømmebasseng.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7719a267-0c34-4f8f-bde9-ed934570d0bb

Sist endret

10. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3616143_191809_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser