Avdelingsleiar 100% - 1 års vikariat
Alver kommune
Skrenten 64,, 5955 Lindås
Om jobben
- Stillingstittel
- Vikariat avdelingsleiar - Skrenten bu- og treningsbustad
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. mars
I dette vikariatet ved Skrenten bu-og treningsbustad, kan du ta ditt første steg inn i leiaryrket — med reell påverknad frå dag éin og eit trygt fagmiljø rundt deg.
Me etablerer eit heilt nytt og framtidsretta tilbod i Alver kommune: Skrenten bu- og treningsbustad, eit prosjekt med mål om å gi ungdom med nedsett funksjonsevne ein trygg og gradvis overgang til vaksenlivet. Her får dei høve til å trene på sjølvstende, meistring og livsferdigheiter i realistiske omgjevnader. Hos oss får du ei nøkkelrolle i å byggje vidare på eit fagmiljø prega av kvalitet, samarbeid og vekst. Som avdelingsleiar vil du få tydeleg ansvar og handlingsrom til å forme kvardagen i avdelinga.
Kvifor dette er perfekt for deg som vil få leiarerfaring- Du får personal- og fagansvar i ei oversiktleg avdeling – med erfarne kollegaer å sparre med
- Du får eit reelt høve til å vere med å forme stillinga frå starten av
- Dagtid og fleksitid gjer rom for god planlegging og trygg innfasing som leiar
- Du blir del av leiargruppa og jobbbar tett med einingsleiar – du står aldri åleine
- Moglegheit til å prøve deg på oppgåver innan økonomi og HMS, og evt. konstituering ved fråvær
Om oss og eininga
Alver kommune tilbyr avlastning for familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver, der born og unge har psykiske eller fysiske funksjonsnedsetjingar. Avlastninga kan skje både i heimen og på institusjon, og vert tilpasse individuelt etter behov og ønske frå familien.
Avlastningsbustadene er ein del av kommunens habiliteringstilbod, og gjev born og unge eit trygt og tilrettelagt miljø med aktivitetar og omsorg. Tenestene krev stabile og trygge vaksne som kan møte borna med forståing og ro. Målet er å gje både born og familiar eit pusterom i kvardagen - og bidra til betre livskvalitet for alle involverte.
Skrenten bu- og treningsbustad ligg idyllisk til på Lindås, med leilegheiter og fellesareal som gjer det mogleg å kombinere individuell butrening med sosialt fellesskap. Me jobbar tett på tenestemottakarane for å styrke ADL-ferdigheiter, sosial kompetanse, kommunikasjon (inkludert ASK), fysisk og psykisk helse, samt bruk av velferdsteknologi. Målet er å fremje livskvalitet gjennom mest mogleg sjølvstende. Ein skal og driva med systematisk kartlegging, og jobbe ut frå dei. Det er max 5 tenestemottakarar som kan væra inne om gongen, med ca. 15 årsverk. Oppstart: snarast etter avtale
Er du ein person som har engasjement for utvikling, som ser potensialet i menneske og miljø, og som ikkje er redd for å ta initiativ? Då ser me fram imot å høyra frå deg!Arbeidsoppgåver
- Ansvar for dagleg drift og personal
- Kan bli deligert enkelte økonomiske oppgåver frå einingsleiar
- Sikre kvalitet og tenester innanfor gitte rammer, og etter kommunen sine fag- og kvalitetssystem
- Internkontroll og fagleg samordning på tvers
- Kompetanseplanlegging, rettleiing og fagleg utviklingsarbeid
- Brukar- og pårøyrandesamarbeid og kontinuerleg forbetring
Kvalifikasjonar
- Relevant treårig høgare utdanning (medisinsk kompetanse vert særleg vurdert)
- Fagarbeidarar med solid habiliteringserfaring kan òg vurderast
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- God digital kompetanse
- Norsk munnleg og skriftleg, og førarkort B
- Kjenner til målretta miljøarbeid, kartlegging og faglege tiltak
- har innsikt i regelverk om tvang og makt (kap. 9) og dokumentasjon/ kvalitetssikring
- Har erfaring med endringsarbeid og tverrfagleg samarbeid
- Har god rolleforståing og evne til å handtere komplekse situasjonar som kombinerer fag, drift og personalansvar
- Har erfaring frå helse- og omsorg og/eller psykiatri
- Har leiarererfaring; dette er ikkje eit absolutt krav dersom du har motivasjon og rett profil. Vi vil òg gjerne høre frå deg som har erfaring som til dømes:
- hovudtillitsvald
- ansvarsvakt/skiftleiar/koordinator i turnus
- prosjektleiar/arbeidsgruppeleiar
- fagutviklar/superbrukar/intern rettleiar
- opplæringsansvarlig/mentor/kollegarettleiar
- leiar- eller styreverv i frivillig organisasjon (t.d. idrettslag, korps/kor, speidar/ungdomslag)
- ....eller anna relevant erfaring
Kven er du?
Du har eit genuint ønskje om å leie andre og trivst med ansvar for både fag, kvalitet og tilsette. Sjølv om du kanskje ikkje har formell leiarerfaring, er du trygg i relasjonar og tek ansvar og avgjerder på ein roleg, etterretteleg og modig måte – også når situasjonane er krevjande. Du kommuniserer klart og gir/etterspør konstruktive tilbakemeldingar – du har mot til både å stille krav, setje grenser og gje støtte. Du byggjer tillit og godt arbeidsmiljø, motiverer og rettleier kollegaer, og tek aktiv del i kulturbygging. Du har høg etisk bevisstheit, held profesjonelle standardar og arbeider strukturert, målretta og samstundes fleksibelt og løysingsorientert. Du ser moglegheiter, prioriterer klokt og skapar framdrift, samarbeider godt på tvers – og står støtt i eigne vurderingar når leiaravgjerder må takast.
Dei personlege eigenskapar ovanfor vil bli lagt stor vekt på.
Me tilbyr
- 1 års vikariat, med moglegheit for forlengelse
- Oppstart etter avtale
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Leiaropplæring og støtte i leiarrolla
- Løn etter avtale
- Pensjonsordning i KLP
- Gratis parkering
- Kompetent fagmiljø med høg kvalitet i tenestene
- Engasjerte kollegaer med brukar i fokus
- Allsidig og lærerikt arbeidsmiljø
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og me får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneKontaktperson for stillingen
Kristine Hildegard U. Rath
Einingsleiar | Avlastningstenesta barn og unge
+47 966 20 365
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har me eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Me er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Me verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Me legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der me søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Me ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e8f9f5ed-1bee-4725-8d9a-34697e6bd6eb
- Sist endret
5. mars 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10285399
Lignende annonser
Ringevikarar - Lindås barneskule 25/26
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Lindås
Vernepleier 100%
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø
Ferievikar - habiliteringstenesta 2026
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø, Isdalstø