Vernepleiar 100% - Stallanemarka burettslag
Alver kommune
Lonsvegen 70, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- Vernepleier 100%
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. mars
Om oss
Stallanemarka Burettslag er steden der både bebuarar og tilsette bidrar til å skapa et bumiljø som er like solid som husveggene – og minst like hjertevarmt!
Hos oss får du ein arbeidskvardag der du både utviklar faget, utviklar deg sjølv og gjer ein tydeleg forskjell. Her blir du sett og støtta – og du får bidra i eit miljø som heiar på kompetanse, refleksjon og humor.
Her møter du ei samansveisa faggruppe som lev etter mottoet: "Det er lov å le – helst ofte!"
Om stillinga
Som vernepleiar vil du bli ein sentral fagperson som får ta del i utviklingsarbeid, systemarbeid samt vere sentral i tenesteytinga.
Du får varierte dagar og tett samarbeid i eit miljø som set fagleg kvalitet høgt. Saman har me som mål å levere gode tenester til tenestebrukerne og skape ein god arbeidsplass.
Oppstart er etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Legemiddelhandtering
- Målretta miljøarbeid og tiltaksarbeid
- Arbeid etter HOL kap. 9 og PBL kap. 4
- Relasjonsbygging og brukarorientert støtte
- Aktivisering og deltaking i kvardagsliv
- Rettleiing og motivering
- Samarbeid med eksterne parter og fagmiljø
- Bidrag i faggruppe
Kompetansekrav
- Autorisert vernepleiar
- Relevant erfaring med nevrodivergens
- Praktisk erfaring med målrettea miljø- og tiltaksarbeid.
- Erfaring i arbeid etter vedtak i HOL kap.9
- Førarkort klasse B.
- Gode norskkunnskaper, muntlig og skriftlig.
Ønskjeleg kompetanse
- Rettleiingskompetanse
- Det er eit føremon å ha kunnskap om ASK- alternativ og supplerande kommunikasjon
- Erfaring med lavaffektiv tilnærming.
- Interesse for trening og fysisk aktivitet
Kven er du?
Du er ein fagleg trygg og engasjert vernepleiar som står støtt i eigne sko – også når kvardagen byr på litt ekstra vind. Du møter tenestemottakarane med varme og respekt, og du held roen sjølv når situasjonane blir krevjande.
Du jobbar sjølvstendig og strukturert, men du er heller ikkje redd for å stille spørsmål, utfordre vanar og komme med nye idear. Du har god evne til etisk refleksjon, og du tek faglege vurderingar med både klokskap og integritet. Samstundes er du ein lagspelar som bidreg til både godt samarbeid og god stemning.
Du er kreativ, og ser moglegheiter der andre ser utfordringar; og du likar å engasjere bebuarane i både fysisk aktivitet og kreative påfunn – store som små.
For å få eit mangfald i personalgruppa oppmodar me menn til å søkje.
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange!
- God oppfølging og rettleiing
- Årsturnus med moghegheit for innspel på arbeidstid
- Gratis parkering
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- 2 dagers KomLab kurs
- Vernepleiarar ligg 9000 over tariff i Alver kommune
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Habiliteringstenesta
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b2a1eda7-a9b5-46ae-8591-1a2622316508
- Sist endret
25. februar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10284325
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Ostereidet
Sjukepleiar 100% fast stilling
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Frekhaug
Spesialpedagog
Arbeidsgiver
Alver kommune
Sted
Isdalstø