Hopp til innhold

Sjukepleiar 100% fast stilling i heimetenesta

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Havnevegen 31, 5918 Frekhaug

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 12. mars

Om stillinga

Frekhaug heimeteneste søker ein engasjert og fagleg trygg sjukepleiar til 100% fast stilling. Vi gjev vedtaksbaserte tenester på Flatøy og Holsnøy. Frekhaug heimeteneste har god fagdekning og er ei av 6 avdelingar i heimetenesta i Alver kommune. 

Turnusen er todelt, med dag/kveld, og med arbeid kvar 3. helg i gjennomsnitt. Kveldsvaktene kan vere anten i avdelinga eller i sjukepleiarteamet. 

Sjukepleiarteamet er eit samarbeid med heimetenestene på Knarvik og Alversund/Seim. Teamet er relativt nyoppstarta og har hovudfokus på sjukepleiarfaglege oppdrag. Det gjev eit sterkt og breitt fagmiljø med gode moglegheiter for kompetansedeling - og utvikling på tvers av avdelingane.


Arbeidsoppgåver

Du får ansvar for kliniske vurderingar av brukarar, og planlegging og kvalitetssikring av tenestene. Arbeidsdagen består både av direkte brukarretta arbeid og fagleg koordinering med andre yrkesgrupper og andre instansar i og utanfor Alver kommune. Arbeidsoppgåvene omfatter m.a.:

  • Kartlegging av behov, og vurdering og evaluering av tiltak
  • Bidra i utvikling og implementering av digitale løysingar, bl.a. velferdsteknologi
  • Tverrfagleg samarbeid med m.a. legar, pårørande og andre tenester
  • Halde deg oppdatert og bidra til fagutvikling og kvalitetsforbetring
  • Rettleiing av kollegaar og studentar
  • Legemiddelhåndtering
  • Rapporterer og dokumentere  i tråd med interne rutiner og gjeldande lovverk

Om avdelinga

Vi er omlag 80 dyktige kollegaar, beståande av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar og assistentar som samarbeider tett for å sikre gode  tenester til heimebuande brukarar i alle aldre. 

Vi er opptatt av:

  • fagleg kvalitet og tryggleik for brukarane 
  • god struktur og tydeleg ansvarsfordeling
  • samarbeid og støtte mellom kollegaar
  • aktiv utvikling av tenestene innanfor våre rammer

Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø, der vi spelar kvarandre gode.


Kvalifikasjonskrav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskaper, munnleg og skriftleg.
  • Bestått B2 norsk eksamen, dersom norsk ikkje er morsmål
  • Førarkort klasse B

Kven er du?

Vi ser etter deg som har god arbeidskapasitet og trivst i eit aktivt fagmiljø med varierte oppgåver. Du er framoverlent, fagleg engasjert og trygg i rolla di. Arbeiderfaring frå heimeteneste er ein fordel, men ikkje eit krav.

Du:

  • er glad i folk
  • trivst med ansvar og sjølvstendig arbeid
  • er strukturert, fleksibelt og løysingsorientert
  • håndterer perioder med høgt tempo
  • har høg gjennomføringsevne 
  • tek ansvar og bidrar til framdrift i avdelinga

Vi tilbyr

  • 10000 kr over garantilønn
  • Engasjerte, fagleg sterke kollegaar
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsdagar
  • Nye, moderne lokaler
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Kontaktpersoner for stillingen

Maria Fosse Romarheim

Assisterande einigsleiar

+4794507242

maria.fosse.romarheim@alver.kommune.no

Roy Sørensen

Einingsleiar

+4745337967

roy.sorensen@alver.kommune.no

Om bedriften

Som medarbeidar hos oss har du ein spanande  og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad» 
Heimetenesta har einingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik , Ostereidet, Alversund og Lindås.Kvar eining er organisert med eigen einingsleiar og avdelingsleiar. 
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, Frekhaug og Knarvik.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ef1302bb-768b-4cfa-a164-a3a0b204b012

Sist endret

26. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10284366

Lignende annonser