Hopp til innhold

Spesialist i klinisk pedagogikk/spesialpedagog

Arbeidsgiver

Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Kløvertunvegen, 6100 Volda

Om jobben

Stillingstittel
Spesialist i klinisk pedagogikk/spesialpedagog
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 27. mai

Kunne du tenke deg å samarbeide med oss for å betre kvardagen til barn og unge?
Ved Poliklinikken i Volda har vi no ledig fast stilling for spesialist i klinisk pedagogikk/spesialpedagog med master.

I Helse Møre og Romsdal HF er Psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) og ein døgnseksjon. Poliklinikken i Volda har eit spennande fagmiljø som gir differensierte polikliniske behandlingstilbod til barn, unge og familiane deira i 7 kommuner på Sunnmøre.
Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege, geografiske team. I tillegg har vi småbarnsteam, akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam, familieteam.

Vi gir tilbod om pasient- og pårørande opplæring, samt gruppetilbod til barn og unge med ADHD. Vi legg vekt på godt samarbeid med andre helsetenester for barn og unge, både i kommunene og i andre delar av spesialisthelsetenesta.


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling i samarbeid med andre faggrupper
  • Samarbeid med andre instansar (innan foretaket og i kommunene)
  • Samarbeid med pårørande

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad i pedagogikk eller spesialpedagog
  • Erfaring frå barnehage, skule eller PPT vert vektlagt
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Det er ønskjeleg med sertifikat for bil

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Du har interesse for fagutvikling og engasjement for utvikling av eigen arbeidsplass
  • Du arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Du har evne til å skape trivsel i ein travel arbeidskvardag
  • Det å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at vitnemål og attestar blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad.

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.

Kontaktinformasjon

Kari Standal, Seksjonsleiar, +47 70058570, kari.standal@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5122324485
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Kari Standal

Seksjonsleiar

+47 70058570

kari.standal@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e8f92021-0465-47e5-bb05-160f14dc2abb

Sist endret

13. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

09362e0c7649411d9aa340527c4552ae

Lignende annonser

Laster lignende annonser