Hopp til innhold

Volda vgs søkjer elevassistentar skuleåret 2026/2027

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal fylkeskommune, Volda vgs

Sted

Vevendelvegen 35, 6102 Volda

Om jobben

Stillingstittel
Volda vgs søkjer elevassistentar skuleåret 2026/2027
Type ansettelse
Annet, deltid 0%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
3

Søk på jobben

Søk senest i dag

Volda vidaregåande skule søkjer engasjerte og trygge fagarbeidarar/elevassistentar som ønskjer å bidra til eit inkluderande, utviklande og praksisnært læringsmiljø for våre elevar. Vi har behov for fleire nye kollegaer i ulike stillingsstorleikar, knytt til arbeid med elevar med individuelle tilretteleggingsbehov.

Skulen har ledige stillingar i inntil 300% faste stillingar og vikariat. Volda vidaregåande skule sin visjoner "Mot høgare mål". Vi set eleven si læring i sentrum og hjelper den enkelte elev til å nå sine mål i fellesskap med andre. Vi hjelper elevane til å utvikle dei kunnskapar, duglkeiar og haldningar dei treng for å gå vidare i arbeid og i samfunnsliv. Skulen har godt samarbeid med lokalt næringsliv og kommuner for å gi elevane ein trygg og meiningsfull kvardag etter vidaregåande opplæring. 

Arbeidsåret for elevassistentar fyl skuleåret til elevane, og ein elevassistent i full stilling vert tilsett i inntil 85% stilling. Elevassistentane har arbeidstid og får godtgjort planleggingsveka før skulestart i tillegg. Totalt arbeidsår utgjer 39 veker. Arbeidet vil verte knytt til fleire elevar med behov for særskilt tilrettelegging.


Arbeidsoppgåver

Elevassistentoppgåvene er knytt til elevar med særskilte behov for tilrettelegging i vidaregåande opplæring, og vil variere etter utdanningsprogram og elevane sine behov. Dette kan vere:

  • Støtte elevane i læringsarbeidet, både individuelt og i grupper
  • Bidra til struktur, tryggheit og gode rutiner i skuledagen
  • Vere ein aktiv del i skulemiljøet og bidra til eit inkluderande skulemiljø
  • Hjelpe elevane med personlege behov på ulike opplæringsarenaer
  • Tett samarbeid med lærarar, rådgjevarar og personalet elles. I delar av arbeidet må ein jobbe sjølvstendig etter opplegg frå ansvarleg pedagog.

 

Kvalifikasjonar

Vi søkjer deg som:

  • Har relevant fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, eller erfaring frå arbeid med elevar i vidaregåande opplæring med behov for særskilt tilrettelegging.
  • Er trygg, tydeleg og god på relasjonsbygging
  • Har evne til å skape struktur og føreseielegheit
  • Er fleksibel og løysingsorientert
  • Trivast i eit hektisk og variert arbeidsmiljø
  • Har gode samarbeidsevner og eit inkluderande menneskesyn

Det vil verte lagt stor vekt på at ein er personleg eigna for stillinga, jamfør personlege eigenskapar vi søkjer.

 

Personlege eigenskapar

  • Positivt og inkluderande elevsyn med stort engasjement for elevane sitt sosiale og faglege miljø
  • God rollemodell
  • God på relasjonsbygging og gruppeleiing
  • God fagleg formidlingsevne
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God framstillingsevne i norsk skriftleg og munnleg og ASK
  • Strukturert og nøyaktig i læringsarbeidet
  • Evne til å tilpasse oppgåver og sjå elevane og deira moglegheiter
  • Utviklingsorientert og med evne til å reflektere over og forbetre eigen praksis
  • Samarbeidsorientert og likar å jobbe i team med alle vaksne kring elevane

Vi tilbyr

  • Gode fagmiljø med eleven og eleven si læring i sentrum
  • Eit fagleg og pedagogisk profesjonsfellesskap der vi støttar kvarandre 
  • Eit inkluderande og nytenkande kollegium der du kan utvikle deg 
  • Gode pensjonsvilkår, gruppelivs- og ulykkesforsikring 
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover og avtaleverk

Kontaktinformasjon

Kristin Bakke Seterås, Avdelingsleder, +47 91569705

Arbeidsstad

Vevendelvegen 35
6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5145298024
Stillingsprosent: 0%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 13.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Kristin Bakke Seterås

Avdelingsleder

+47 91569705

Om bedriften

Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.

Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

For deg som får tilbod om stilling med arbeidsstad i skole og tannhelsetenesta er det krav om politiattest.

Dersom du ønsker at søknaden din skal bli behandla konfidensielt, gjer vi deg merksam på at opplysningane likevel kan bli gjort offentleg. Du vil då få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.


Bli med å utvikle regionen saman med oss!

Dette er Volda vgs!

Om skulen (volda.vgs.no)
Skulen har desse utdanningsprogramma:

  • Studiespesialisering
  • Medium og kommunikasjon
  • Musikk, dans og drama
  • Kunst, design og arkitektur
  • Påbygging til generell studiekompetanse
  • Tilrettelagt klasse

Volda vgs har omlag 440 elevar, 83 tilsette, derav 70 pedagogisk tilsette.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

59e0d8d9-64cd-4af5-80e1-720f4ca3e8cd

Sist endret

24. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

706c441da43e4d949c0e1cbb5fb7d308

Lignende annonser

Laster lignende annonser