Hopp til innhold

Har du gode mellommenneskelege ferdigheiter og likar å omgåast mange ulike typar menneske? Vi søkjer etter

Arbeidsgiver

Askvoll kommune Heimetenester

Sted

Askvoll omsorgssenter, 6980 Askvoll

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar i heimetenesta - 100% fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 23. august

Er du sjukepleiar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg.

I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet.

Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, derfor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap.

Som sjukepleiar vil ein ha eit tett samarbeid med andre yrkesgrupper innanfor helsesektoren lokalt, og med spesialisthelsetenesta for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging. Heimetenesta yter tenester i heile Askvoll kommune.

Vi søkjer etter sjukepleiar til:

  • 100% fast stilling med arbeid etter 35,5 t/veke og på helg frå snarast.
  • Arbeidsoppgåver:
    • Utøve direkte sjukepleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i "kva er viktig for deg?"
    • Medverke til at sjukepleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
    • Tilrettelegge for å nytte velferdsteknologiske løysingar
    • Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrar
    • Ha sjukpleiefagleg ansvar i gruppa og deltar i sjukepleiefagleg bakvaktsordning ved behov
    • Medikantmenthandtering
    • Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt
    • Medverke til god informasjonsflyt
    • Pliktar å halde seg oppdatert innanfor sitt eige fagfelt og delta i aktuelle møter og opplæringstiltak
    • Rettleie pasientar, pårørande og andre tilsette, studentar og elevar
    • Medverke til eit godt samarbeidsmiljø
    • Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
    Kvalifikasjonar:
    • Autorisasjon som sjukepleiar
    • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
    • Den som blir tilsett må ha førarkort
    Personlege eigenskapar:
    • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
    • Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
    • Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
    • Like utfordringar og er løysingsorientert
    • Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
    • Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
    Vi tilbyr:
    • Mogelegheit for langvakter etter nærare avtale
    • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
    • Mogelegheit for sletting av studielån på inntil 25 000 kroner årleg gjennom statleg ordning
    • Gode pensjonsordningar gjennom KLP
    • Flyttegodtgjersle ved nytilsetjing ifølgje personalhandbok for Askvoll kommune

    Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart.

    Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

    Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

    Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.

    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Lillian Vårdal

    Einingsleiar heimetenesta

    +47 57734508

    lillian.vardal@askvoll.kommune.no

    Om bedriften

    Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har i underkant av 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    e86a64d2-eebb-4153-8a55-798690fcb68f

    Sist endret

    10. juli 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3644919_171737_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser