Er du vernepleiar eller sjukepleiar og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg.
Askvoll kommune Bu- og miljøtenesta
Askvoll omsorgssenter, 6980 Askvoll
Om jobben
- Stillingstittel
- Ledige faste stillingar ved bu- og miljøtenesta
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. august
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Stillingane er knytt til ein brukar med omfattande bistandsbehov. Ein arbeidar i team med 2:1 oppfølging. Dei tilsette vil ha eit tett samarbeid med andre aktørar innanfor helse- og omsorgssektoren for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging. Turnusarbeid etter 35,5 t/veke
Ledige faste stillingar i bu- og miljøtenesta:
- Vernepleiar/sjukepleiar i 100% stilling.
- Turnusarbeid etter 35,5 t/veke med arbeid kvar tredje helg
- Helgestillingar vernepleiar/sjukepleiar, fagarbeidar/assistent:
- 18% helgestilling vernepleiar/sjukepleiar med arbeid kvar tredje helg
- 21% helgestilling vernepleiar/sjukepleiar med arbeid kvar andre helg / kvar fjerde helg
- 19% helgestilling fagarbeidar med arbeid kvar andre helg
Arbeidsoppgåver:
- Stillinga gjeld arbeid med ein brukar med nedsett funksjonsevne
- Teamarbeid med 2:1 oppfølging
- Direkte tenesteyting i samsvar med vedtak, dagsplanar og rutinar
- Kartlegge behov, iverksette og evaluere tiltak
- Utføre oppgåver i samsvar med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
- Tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt
- Medverke til fagutvikling i eininga
- Medverke til utvikling av godt arbeidsmiljø
- Medisinansvar etter kompetanse
- Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverktøy, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
- Turnusarbeid etter 35,5 t/veke
Kvalifikasjonar:
- Autorisasjon som vernepleiar eller sjukepleiar
- Fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar
- Vi søker etter trygge personar med god relasjonsevne
- Det vert lagt stor vekt på erfaring frå tilsvarande brukargruppe
- Personlege eigenskapar og tilpassing til brukarens behov vil bli vektlagt
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til 19% helgestilling, kan søkjarar med anna relevant erfaring og kompetanse òg vurderast.
Personlege eigenskapar:
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Ha evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
- Like utfordringar og er løysingsorientert
- Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
Vi tilbyr:
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- Moglegheit for sletting av studielån på inntil 25 000 kroner årleg gjennom statleg ordning
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
- Flyttegodtgjersle ved nytilsetjing ifølgje personalhandbok for Askvoll kommune
Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Hilde Gunn Yndestad Halland
Kommunalsjef helse og omsorg
+47 90025348 +47 57734511
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f2a47e49-8002-43bb-9fa4-ff3305eed6ae
- Sist endret
30. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3641409_171743_nn