Hopp til innhold

Ønsker du ein spennande og variert arbeidskvardag i sommar?

Arbeidsgiver

Austevoll kommune

Sted

Birkelandsvegen 2, 5392 Storebø

Om jobben

Stillingstittel
Søk sommarjobb i miljøarbeidartenesta!
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Om arbeidsstaden

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Miljøarbeidartenesta gir praktisk bistand, opplæring og heimesjukepleie til personar med nedsett funksjonsevne. Delar av tenesta er knytt til bufellesskap med heildøgnbemanning, medan ei stor del av tenesta er knytt til heimeteneste ulike stader i kommunen.

Om stillinga

Sommaren er ikkje så langt unna, og vi treng ferievikarar som vil vere med og gjere sommardagane gode for tenestemottakarane våre. Vi søkjer deg som trivst med å arbeide med menneske, og som ønskjer å bidra til aktive, opplevingsrike og meiningsfulle dagar - samstundes som du kan gje trygg og god hjelp i faste kvardagsrutinar.

Miljøarbeidartenesta yter tenester til personar i alle aldrar med ulike funksjonsnedsettingar, utviklingshemming, autismespekterdiagnosar og samansette utfordringar.

Eininga består av:

  • Lindevika buteneste, med bufellesskap og heimebaserte tenester
  • Gullsmedvegen bu og avlasting, med avlastingseining for born og unge samt omsorgsbustader i tilknyting

Vår målsetting er å bidra til gode dagar, basert på den einskilde sine føresetnader, ønskjer og behov, i tråd med tildelte vedtak.

Bonusordning for studentar

Vi tilbyr bonustillegg for ferievikarar som er under vernepleiar- eller sjukepleiarutdanning, dersom ein jobbar 4 veker eller meir i perioden juni-august:

  • Gjennomført 1. studieår heiltid eller 2. studieår deltid:
    kr 10 000
  • Gjennomført 2. studieår heiltid eller 3. studieår deltid:
    kr 20 000

Det vil bli laga turnusar med arbeid inntil 100 % i den perioden du kan jobbe.
Det er også gode moglegheiter for:

  • helgestilling
  • arbeid som tilkallingsvikar etter endt ferievikariat
Ansvars- og arbeidsoppgåver
  • Bidra til å skape trygghet og trivsel i brukar sin heim.
  • Dagleg omsorg og miljøarbeid i tenesta til den einskilde med utgangspunkt i tildelt vedtak.
  • Hjelp, rettleiing og støtte til daglege aktivitetar.
  • Bidra til at brukar opplever å vere sjefen over sine dagar.
  • Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar.
  • Delta i legemiddelhandtering ved behov.
  • Journalføring og dokumentasjon.
  • Praktiske gjeremål i bustaden og andre delegerte oppgåver frå leiar.

Kvalifikasjonskrav

Formelle kvalifikasjonskrav
  • Kvalifikasjonskrav
  • Interesse for arbeid med mennesker med nedsett funksjonsevne. Det er ynskjeleg med erfaring frå brukergruppa, men ikkje eit krav.
  • Personleg eignaheit vert vektlagt høgt.
  • Det er påkrevd med gyldig politiattest ved tiltreding. Søkjarar utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk. Ynskjeleg med førarkort kl. B
Personlege eigenskapar
  • er nysgjerrig på eller ønsker erfaring innan helse og velferd
  • er omsorgsfull, påliteleg og trygg i møte med andre
  • ønsker å lære og bidra i eit fagleg og inkluderande arbeidsmiljø
  • Hos oss får du verdifull erfaring og gode moglegheiter for læring.

Vi tilbyr

  • Ein kjekk og meiningsfull sommarjobb saman med flotte kollegaer. Du blir ein del av eit trygt og godt arbeidsmiljø med fagleg kompetanse.
  • Du får nødvendig opplæring på arbeidsstaden, inkludert e-læring i relevante tema. Kommunen tilbyr også nettbasert kurs i handtering av legemiddel.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale, basert på godkjent utdanning og ansiennitet.
  • Vi tilbyr bonustillegg for ferievikarar som studerer vernepleie eller sjukepleie, dersom du jobbar 4 veker eller meir i perioden juni-august:
    • Gjennomført 1. studieår heiltid eller 2. studieår deltid: kr 10 000
    • Gjennomført 2. studieår heiltid eller 3. studieår deltid: kr 20 000
  • Vi har også helgestillingar med ulik stillingsprosent. Du kan velje mellom langvakter eller vanlege vakter, og arbeid kvar andre eller tredje helg. Dette passar godt å kombinere med studiar

Slik søker du

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

Om bedriften

Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.

Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.

Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.

Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e82a9caf-caa8-4fc5-9274-efa1093caf0b

Sist endret

13. mars 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

449776226

Lignende annonser

Laster lignende annonser