Hopp til innhold

Vil du vere med å gi barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Lysekloster barnehage

Sted

Edne 19, 5215 Lysekloster

Om jobben

Stillingstittel
Barnehagelærar i fast 100 % stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 7. mai

Vi søker deg som ønsker å jobbe med barn, og vere ein del av grunnbemanninga til Lysekloster barnehage. Barnehagen treng barnehagelærarar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring, høg kompetanse og arbeide mot barnehagen sitt overordna mål som er å ha rom for alle og blikk for den enkelte.

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø.

Lysekloster barnehage ligg vakkert til på Edne, like ved Lysekloster idrettsplass og skule. Rundt barnehagen er det skogsområde, med fleire moglegheiter for tur. Vi nyttar området til å koma oss til skogs, til fjells og til sjøen. Vi har 5 avdelingar og per no 79 barn i alderen 0 – 6 år.

Vi har fokus på at kvart barn skal bli sett og høyrt. Det er viktig at barnet opplever glede og meistring i kvardagen. Mottoet vårt er: «Det er stort å vera liten»

Arbeidsoppgåver
- Å jobbe etter kommunen sine satsingsområder, planer og ulike verktøy.
- Planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
- I samarbeid med styrar og pedagogisk leiar planlegge og gjennomføre ulike møter.
- Å bidra og følgje opp endring- og utviklingsarbeid.
- Å delta aktivt i det daglege arbeidet med barna, og å vere tydeleg rollemodell ovanfor barn og tilsette.

Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar. Utdanning frå utlandet skal vere godkjent av HK-dir. 
- Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.

Vi ser etter deg som
- Er raus, omsorgsfull og har eit varmt hjarte for barn.
- Er fleksibel og løysingsorientert.
- Tar ansvar og initiativ, og har gjennomføringskraft.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Er ein lagspelar som bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr
- Ein barnehage med stort fokus på fagleg innhald.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Irene Kvåle Foer

91757972

irfo@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e742e4d9-f8ae-4c31-b77c-a9900ee3c8e4

Sist endret

27. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3622287_207809_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser