Fagarbeider
Reinhaldstenester, Valle kommune
Kjellebergsvegen 1, 4747 Valle
Om jobben
- Stillingstittel
- Fagarbeider
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Valle kommune treng ein medarbeidar i 100% fast stilling i reinhaldstenesta frå 01.08.2026.
Stillinga er knytt til Teknisk avdeling- reinhald i Valle kommune.
Arbeidsoppgåver
Reinhald på kommunale bygg. Arbeidet omfattar fleire ulike bygg i løpet av arbeidsdagen.Kvalifikasjonar
- Det er ønskeleg med fagbrev i reinhaldsfaget. Det er også mogleg å avtale med arbeidsgivar om å ta fagbrev innan ein bestemt tidsfrist.
- Må ha førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- Du må arbeide sjølvstendig og målretta
- Du er pliktoppfyllande og til å stole på
- Du samarbeidar godt med andre og trivast med å jobbe med folk frå ulike nasjonalitetar
- Du er fleksibel og har evne til å omstille deg raskt når det oppstår endringar i arbeidsdagen
- Du går i gang med nye oppdrag med ei positiv innstilling
- Du er positiv, serviceinnstilt og har godt humør
Vi tilbyr
- løn etter gjeldane tariff
- eit spennande fagleg miljø i endring og utvikling
- godt arbeidsmiljø
- bedriftsleiligheit i Kristiansand sentrum for tilsette i Valle kommune
- svært gode pensjons- og forsikringsordningar
- gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
- ei trivelig bygd å bu i
- fantastiske moglegheiter for friluftsliv
- kort avstand til alpinanlegg
- gratis barnehage
Viktig for søknaden din:
- CV skal skrivast i Webcruiter-malen
- Attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet
skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp i Webcruiter
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500.
Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Kontaktinformasjon
Hilde Kiland-Bjåen, Leder, 99631207, hilde.kiland.bjaen@valle.kommune.noArbeidsstad
Kjellebergsvegen 14747 Valle Municipality
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Valle kommuneReferansenr.: 5126832067
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.05.2026
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e698e792-c51e-4bb4-8398-29f689f2b07c
- Sist endret
26. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7cdc07a42c5d4737b6f4217ab1e42f70