Medarbeidar kultur og ungdom
Oppvekst, Valle kommune
Kjellebergsvegen 1, 4747 Valle
Om jobben
- Stillingstittel
- Medarbeider kultur og ungdom
- Type ansettelse
- Fast, deltid 60%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 15. juni
Vi søkjer ein engasjert og inkluderande medarbeidar med særleg ansvar for barne- og ungdomsarbeid. Du vil ha ei sentral rolle i å utvikle og følgje opp aktivitetar og møteplassar for ungdom, og bidra til at kultursenteret blir ein trygg og attraktiv stad å vere.
Du vil jobbe i tett tospann med fagleiar kultur og frivilligheit. Saman skal de planlegge, gjennomføre og vidareutvikle aktivitetar og arrangement, og sikre god drift av kultursenteret. Du vil vere ein del av teamet i Kultur og fritid, og stillinga krev at du trivst både i møte med menneske og med praktiske oppgåver. Stillinga vil kunne vere mellom 60-100% avhengig av tilsagn om ekstern finansiering.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar og utvikle gode møteplassar for ungdom
- Bidra til å utvikle eit inkluderande og aktivt ungdomsmiljø
- Kontaktperson for Valle ungdomsråd
- Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksenperson og byggje gode relasjonar
- Tverrfagleg samarbeid med bibliotek, kulturskule og andre tenester innaføre eigen organisasjon, delta i planlegging og gjennomføring av arrangement for alle målgrupper
- Bidra til drift av frivilligsentralen og mobilisere frivillige
- Vere vertskap ved arrangement (kveld og helg må påreknast)
- Bidra til dagleg drift og praktiske og tekniske oppgåver i kultursenteret
- Samarbeide med skule, lag, organisasjonar og andre aktørar
- Kontaktperson for friluftsliv og turløyper
Kvalifikasjonar
- Stillinga har ikkje krav til fagutdanning, men du må ha erfaring med arbeid med barn og unge.
- Erfaring med frivillig arbeid, planlegging av arrangement, og kunne leggje til rette for ulike typar aktivitetar med særleg vekt på barn og unge.
- Praktisk (og gjerne teknisk) kompetanse er ein fordel.
- Gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg.
- Digital kompetanse, må kunne bruke digitale verktøy og plattformer effektivt for å kommunisere og nå ut til og engasjere ungdom.
- Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
- Du trivst i arbeid med ungdom, og skapar tillit.
- Du er trygg, tydeleg og inkluderande.
- Du er initiativrik og likar å skape medverknad og aktivitet.
- Du er praktisk anlagt, strukturert og løysingsorientert.
- Du har gode samarbeidsevner og kommuniserer ope og effektivt med kollegaer og samarbeidspartnarar.
- Du er ein god lagspelar, og tek ansvar for eigne oppgåver.
Vi tilbyr
- Du får jobbe tett med ungdom og utgjere ein forskjell.
- Du får vere med å skape eit levande og inkluderande kultursenter.
- Du får ein variert og sosial arbeidskvardag.
- Du får jobbe tett saman med ein fagleiar i engasjert og inkluderande team.
- Løn etter gjeldande tariff
- Gode pensjonsvilkår og forsikringer
Viktig for søknaden din:
- CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
- Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Kontaktinformasjon
Hedda Helene Schaanning, Leiar oppvekst og barnevern, +47 47642462, hedda.helene.schaanning@valle.kommune.noArbeidsstad
Kjellebergsvegen 14747 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Valle kommuneReferansenr.: 5136258619
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Hedda Helene Schaanning
Leiar oppvekst og barnevern
+47 47642462
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dbd2c1f2-c1c4-4879-a048-bb4b08bcdace
- Sist endret
2. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
224dbd8a21eb424ab12aa4cb835bd987