Hopp til innhold

Fagleiar kultur og frivilligheit

Arbeidsgiver

Oppvekst, Valle kommune

Sted

Kjellebergsvegen 1, 4747 Valle

Om jobben

Stillingstittel
Fagleiar kultur og frivillighet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 15. juni

Vil du vere med på å skape trivsel, liv og aktivitet i kommunen vår, og leie utviklinga av Valle kultursenter som ein levande møteplass for kultur, frivilligheit og aktivitet? Vi søkjer etter dagleg leiar for nyetablering av Valle kultursenter og (med atterhald om politisk vedtak og tilskot) Valle frivilligsentral. Du vil ha ansvar for utvikling av frivilligsentralen og dagleg drift av vårt nye kultursenteret, i tett samarbeid med ein medarbeidar. Vi søkjer ein engasjert og utviklingsorientert person som vil vere ein drivkraft i å skape aktivitet, opplevingar og fellesskap i kommunen.
Stillinga har eit overordna ansvar for planlegging, utvikling og gjennomføring av aktivitetar og arrangement ved kultursenteret, og for utvikling av frivilligsentralen. Du vil jobbe i tett tospann med ein kultur- og frivilligheitsmedarbeidar, der de, i tett samarbeid med det frivillige og andre innan kultur og oppvekst, saman står for den daglege aktiviteten i huset.
Fagleiar skal bidra til å sikre breidde i tilbodet – for barn, unge, vaksne og eldre – og vere ein pådrivar for at kultursenteret og frivilligsentralen blir ein levande møteplass året rundt.
Fagleiar rapporterer til einingsleiar for Kultur og fritid og er en del av teamet i Kultur og fritid som består av kulturskole, bibliotek, barne- og ungdomsarbeid m.m.

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for utvikling, gjennomføring og generell koordinering av aktivitetar og arrangement.
  • Leie og utvikle frivilligsentralen.
  • Skape og utvikle møteplassar for ulike målgrupper.
  • Bidra til breidde i tilbodet, inkludert aktivitetar for barn og unge.
  • Samarbeide tett med det frivillige og andre om gjennomføring av aktivitet og drift.
  • Vere vertskap ved arrangement (kveld og helg må påreknast).
  • Overordna ansvar for dagleg drift og oppgåver i kultursenteret.
  • Samarbeide med lag, organisasjonar og frivillige, og aktuelle avdelingar i kommunen.
  • Vere ein pådrivar for kulturutvikling i kommunen.

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innan kultur, leiing, administrasjon eller samfunnsfag (relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav).
  • Erfaring med prosjektleiing, arrangement eller utviklingsarbeid.
  • Erfaring frå kulturfeltet, publikumsarbeid og arbeid med frivilligheit.
  • Gode samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar på tvers av fag og miljø.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne og digital kompetanse.
  • Det vil bli lagt stor vekt på personleg eignaheit. Førarkort kl. B.

Personlige eigenskapar

  • Ein tydeleg pådrivar som tek initiativ og får idear ut i praksis.
  • Ein relasjonsbyggjar som skapar tillit og samarbeid på tvers.
  • Strukturert og handlekraftig med god gjennomføringsevne.
  • Trygg, inkluderande og motiverande i møte med frivillige og samarbeidspartnarar.
  • Fleksibel og løysingsorientert i ein aktiv og variert arbeidskvardag.
  • Du er serviceinnstilt og ein trygg vert, og god på å skape dei gode opplevingane.

Vi tilbyr

  • Du får ei nøkkelrolle i utviklinga av eit nytt kultursenter og i å forme ein ny og levande møteplass for heile lokalsamfunnet.
  • Du får ein variert og meiningsfull arbeidskvardag med stor innverknad på lokalsamfunnet.
  • Tett samarbeid med engasjerte kollegaer, frivillige og lokale aktørar
  • Ein arbeidsplass med høgt engasjement for kultur, fellesskap og trivsel, i eit spennande og utviklingsorientert fagmiljø innan Kultur og fritid.
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjonsvilkår og forsikringar
 

Viktig for søknaden din:

  • CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
  • Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.

Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.

Kontaktinformasjon

Hedda Helene Schaanning, Leiar oppvekst og barnevern, +47 47642462, hedda.helene.schaanning@valle.kommune.no

Arbeidsstad

Kjellebergsvegen 1
4747 Valle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Valle kommune

Referansenr.: 5136253963
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Hedda Helene Schaanning

Leiar oppvekst og barnevern

+47 47642462

hedda.helene.schaanning@valle.kommune.no

Om bedriften

Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod.  Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.

 Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

20f79fc9-bfb6-424e-9100-9e70960e72dd

Sist endret

1. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

319fa5d4b388412fa52e0459945e8de4

Lignende annonser

Laster lignende annonser