Hopp til innhold

Barne- og ungdomsarbeider

Arbeidsgiver

Hauge oppvekst, Bremanger kommune

Sted

Stasjonsvegen 10, 6727 Bremanger

Om jobben

Oppstart
3. august 2026
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeider
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 20. juli

Hauge oppvekst har ledig eit 100% vikariat som barne- og ungdomsarbeidar på Hauge skule. 

Hauge oppvekst er eit oppvekstsenter som består av Stasjonen barnehage med tre avdelingar og Hauge skule som er ein barne- og ungdomsskule med 94 elevar.
Vi er eit oppvekstsenter som jobbar etter PALS-modellen. Dette er med på å gjere oss gode i arbeidet med å skape eit trygt miljø for barn i barnehagen og elevar i skulen.  Vi jobbar systematisk med felles reglar, ros og god klasseleiing.
Inkluderande barnehage- og skulemiljø , psykisk helse og godt samarbeid med heimen er sentrale tema hos oss. 


 

Arbeidsoppgåver

  • Vere ein trygg vaksen i barna sin skulekvardag og på SFO
  • Handtere utfordrane situasjonar på ein roleg og profesjonell måte
  • Samarbeide tett med kollegaer og fagpersonar

Kvalifikasjonar (overskrift)

  • Godkjent fagbrev som barne- og ungdomsarbeider

    Andre med relevant erfaring eller kompetanse blir også oppmoda om å søkje.
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
  • Gode norsk-kunnskaper

  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
  • Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
  • Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
  • Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
  • Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
  • Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt

Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:

  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage
  • Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
  • Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
  • Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
  • Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år.

Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/   

I tillegg får du:

  • Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
  • Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
  • Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
  • Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
  • Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear! 

Kontaktinformasjon

Kåre Magne Moe, Driftssjef, +47 95982948

Arbeidsstad

Stasjonsvegen 10
6727 Bremanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 5153287850
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 20.07.2026

Kontaktperson for stillingen

Kåre Magne Moe

Driftssjef

+47 95982948

Om bedriften

Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?

Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.

Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet. 

Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!

 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e54e9ee4-0ea2-4d0b-a91c-553fae9a983f

Sist endret

6. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

983ab26d74394210b18492187f76ffd0

Lignende annonser

Laster lignende annonser