Hopp til innhold

Fagarbeidar Frøyen skule

Arbeidsgiver

Bremanger kommune, Kalvåg oppvekst

Sted

Kleivavegen 13, 6729 Kalvåg

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 2. august

Kalvåg oppvekst/ Frøyen skule har ledig eit inntil 80% vikariat som barne- og ungdomsarbeider.

Kalvåg oppvekst er eit oppvekstsenter med barnehage og barneskule. Kalvåg barnehage er ein 2. avdelingsbarnehage. Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Vi har PALS-modellen som som grunnmur i alt arbeidet vi gjer både med læringsmiljø, trivsel, relasjonar, motoivasjon, inkludering og samarbeid med heimane. PALS-modellen består av systematiske, førebyggande tiltak som rettar positiv merksemd mot alle elevane i skulen. Modellen er basert på forskning og kunnskap om tiltak som fremjar eit trygt læringsmiljø der elevane kan utvikle sosial og skulefagleg kompetanse.  Hos oss står arbeidet med trygt og godt skulemiljø som den gjennomgåande raude tråd i alt arbeidet vi gjer. Elevar og tilsette må vere trygge og trivast for å lære, og yte sitt beste.


Kvalifikasjonar

  • Godkjent fagbrev som barne- og ungdomsarbeider
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
  • Gode norsk-kunnskaper

Andre med relevant erfaring kan også søkje.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
  • Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
  • Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
  • Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
  • Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
  • Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt

Vi tilbyr

Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:

  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage
  • Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
  • Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
  • Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
  • Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år. 

    Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/   

    I tillegg får du:
  • Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
  • Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
  • Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
  • Moglegheit for vidareutdanning og fagleg utvikling, med mogleg kompensasjon
  • Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!   

 

Kontaktinformasjon

Dag Magne Nigardsøy, Driftssjef, +47 959 82 985

Arbeidsstad

Kleivavegen 13
6729 Kalvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 5153222460
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 02.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Dag Magne Nigardsøy

Driftssjef

+47 959 82 985

Om bedriften

Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?

Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.

Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet. 

Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!

 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

16336c7a-2f64-43fa-b3e1-b5fae4ebd597

Sist endret

3. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3e16b2eb90d3406185d91dc84c53ef31

Lignende annonser

Laster lignende annonser