Universitetslektor (50% vikariat) i illustrasjon med fokus på animasjon ved Institutt for design
Universitetet i Bergen
Møllendalsveien 61, 5009 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Universitetslektor (50% vikariat) i illustrasjon med fokus på animasjon ved Institutt for design
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 50%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 1. januar
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAUniversitetslektor
Ved Institutt for design, Fakultet for kunst, musikk og design er det ledig ei midlertidig stilling som universitetslektor (50 %) i visuell kommunikasjon med fokus på animasjon. Stillinga er knytt til fagområdet visuell kommunikasjon. Tilsetjing er ønska frå så snart som mogleg, til 30.06.26, med moglegheit for forlenging
Arbeidsoppgåver:
Vi søkjer etter ein universitetslektor til undervisning og rettleiing innan fagområdet illustrasjon.Den ideelle kandidaten er ein fagleg dyktig illustratør/animatør som har ein sterk profil frå praksis i illustrasjon og erfaring innan visuell historieforteljing. Kandidaten er ein god formidlar og har god kunnskap og kompetanse i både analoge og digitale verktøy. Erfaring frå arbeid innan karakterutvikling og animasjon er ynskeleg. Visuell og konseptuell kompetanse, samt evne til kontekstualisering vil òg bli vektlagt. Søkjarar må kunne sette illustrasjon inn i ein breiare historisk og sosial kontekst og kunne bidra til å utvikle/styrke illustrasjonsfaget sin relevans og posisjon.
Den som vert tilsett må kunne dokumentere evne til kritisk refleksjon i faglege prosessar og etiske utfordringar tilknytte fagfeltet, og vere open for tverrfagleg samarbeid.
- Undervisning og rettleiing hovudsakleg på BA-nivå, evt. også MA-nivå.
- Bidra til å utvikle og styrke illustrasjon/animasjon si rolle i visuell kommunikasjon, i tett samarbeid med fagmiljøet.
- Organisere og legge til rette for undervisning og faglege aktivitetar i samarbeid med fagstab.
- Rekrutterings- og opptaksarbeid.
Arbeidsstad for stillinga er på campus i Bergen, og det vert forventa jamleg nærvær etter nærare avtale med instituttleiar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i visuell kommunikasjon. Mastergrad må vere oppnådd ved søknadsfrist.
- Søkjarar må kunne dokumentere designfagleg praksis av eit visst omfang og nivå innan fagområdet illustrasjon/animasjon.
- Det er eit ønskje at søkjar har relevant undervisningserfaring, samt engasjement og interesse for undervisning.
- Det er eit ønskje at søkjar har administrativ erfaring, samt erfaring med formidling av designfagleg praksis i offentlege eller faglege kontekstar.
- Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, vere ansvarsfull, fleksibel og imøtekomande.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 ved tilsetjing.
Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein fagleg vurderingskomité. Dei best kvalifiserte søkarane vil bli kalla inn til intervju med ei intern intervjugruppe, og for å halde ei open prøveførelesning for instituttet sin stab og studentar.
Vi kan tilby:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
- Stilling som universitetslektor (kode 1009) vert løna med årsløn tilsvarande 625 500 – 690 000kr i 100% stilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillinga
- CV
- Vitnemål, attestar og pedagogiske kvalifikasjonar, inkl. dokumentasjon på oppnådd mastergrad.
- Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og/eller designfagleg verksemd.
- Liste over kunstnarlege/designfaglege produksjonar som har relevans for stillinga.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Dokumentasjon som ikkje er lasta opp ved søknadsfrist vert ikkje vurdert.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Fungerande instituttleiar Gustav Kvaal, tlf.: +47 93861689 , e-post: gustav.kvaal@uib.no.
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD påhrkmd@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e3c1a69a-b70c-4585-bdab-e0113abba035
- Sist endret
5. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10272596
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen