Rådgjevar
Kommunalområde Helse og omsorg, Haram kommune
Strandgata, 6270 Brattvåg
Om jobben
- Oppstart
- 1. august 2026
- Stillingstittel
- Rådgjevar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 29. mai
Vil du jobbe tett på leiing og tenester – og vere med å forme helse‑ og omsorgstenester i framtida i Haram?
Haram kommune står i viktige og nødvendige endringar i helse‑ og omsorgstenestene. Vi søkjer no ein rådgjevar som vil jobbe breitt i skjeringspunktet mellom fag, system og leiing, og bidra til at endringar kan gjennomførast på ein forsvarleg, ryddig og berekraftig måte.
Dette er ei stilling for deg som trivst i ein liten kommune der avstanden mellom avgjerd og handling er kort – og der arbeidet ditt faktisk får betydning.
Dette er ei rådgjevarstilling for deg som ønskjer å jobbe tett på leiing, ha reell påverknad og bidra til fagleg forsvarleg utvikling av helse‑ og omsorgstenester i ein liten og handlekraftig kommune.
Rådgjevarstillinga er plassert i stab hos kommunalsjef Helse og omsorg. Du blir ein del av eit lite, tverrfagleg stabsteam som støttar leiing og tenester innan heile helse‑ og omsorgsområdet i Haram kommune.
Vi står midt i arbeid med mellom anna ny institusjonsstruktur og utvikling av tenesteflyt, prioriteringar i møte med aukande behov og avgrensa ressursar, styrking av systematikk, kvalitet og samanheng i tenestene og tettare samhandling med spesialisthelsetenesta
Dette krev god forståing for både helse‑ og omsorgstenester og korleis system og struktur støttar fagleg forsvarleg drift.
Dette er ikkje ei smal spesialistrolle. Det er ei generalistrolle for deg som ønskjer å arbeide tett på leiing og tenester – og som likar å sjå heilskap og samanhengar.
I Haram betyr det at vi må kunne litt av mykje – og mykje av det viktigaste, vi jobbar tett saman i stab for å vere mindre sårbare ved fråvær og vi er involverte i både struktur, system, fag og utvikling
Du vil vere ein fagleg sparringspartnar for leiarar og bidra til at endringar faktisk kan gjennomførast på ein god, trygg og forsvarleg måte.
Arbeidsoppgåver
- Støtte til leiarar i faglege vurderingar knytt til forsvarleg drift og kvalitet i tenestene
- Arbeid med tenesteflyt mellom institusjon, heimetenester, HDO og tildeling
- Oppfølging av kvalitetsindikatorar, faglege avvik og forbetringstiltak
- Bidra i utvikling av faglege rutinar og praksis i tråd med nasjonale føringar
- Støtte til leiarar i forvaltningsrettslege spørsmål og lovtolking innan helse‑ og omsorgstenestene
- Arbeid med klagesaker og dialog med Statsforvaltaren
- Kvalitetssikring av vedtak, rutinar og praksis for å sikre likebehandling
- Samhandling med spesialisthelsetenesta og interkommunale samarbeid
- Politisk saksførebuing og utgreiingsarbeid
- Deltaking i større omstillings- og utviklingsprosjekt innan helse og omsorg
Arbeidsoppgåvene blir tilpassa kompetanse og erfaring, og løyste i tett samarbeid med øvrige rådgjevarar i stab.
Kvalifikasjonar
- Relevant mastergrad innan helse- og sosialfag, samfunnsfag, jus, leiing, organisasjon, offentleg styring eller tilsvarande.
- Anna relevant høgare utdanning kombinert med omfattande og dokumentert erfaring kan vurderast som likeverdig, mellom anna:
- -erfaring frå leiarroller i kommunal helse- og omsorgsteneste
-erfaring med større endrings-, omstillings- eller utviklingsprosessar
-erfaring med systematisk forbetrings- og kvalitetsarbeid
-juridisk erfaring knytt til forvaltningsrett, helse- og omsorgslovgiving eller rettstryggleik i tenestene - Erfaring frå arbeid med personar med nedsett funksjonsevne vert rekna som ein fordel.
Vi er opne for ulike faglege bakgrunnar og legg stor vekt på heilskapsforståing, dømmekraft og evne til å omsetje fag og regelverk til god praksis.
Personlege eigenskapar
- Trivst i ein brei og samansett rolle, der ikkje alt er ferdig definert på førehand
- Har god heilskapsforståing og evne til å sjå samanhengar mellom fag, drift, jus og leiing
- Arbeider strukturert og systematisk, også når kvardagen er travel og kompleks
- Er trygg i dialog med leiarar og kan vere ein fagleg sparringspartnar, ikkje berre ein saksbehandlar
- Samarbeider godt, deler kompetanse og bidreg til at stab fungerer som eit lag
- Handterer ansvar og forventningar med ro, integritet og fagleg tryggleik
I Haram er vi få, og det vi gjer heng tett saman. Personlege eigenskapar og evne til å fungere godt i eit lite stabsteam vil difor bli tillagt stor vekt.
Denne stillinga passar for deg som ønskjer å vere tett på både avgjerder og gjennomføring – og som finn motivasjon i å vere med og utvikle tenester i ein kommune der arbeidet ditt faktisk gjer ein forskjell.
Vi tilbyr
- Ei stilling der arbeidet ditt faktisk betyr noko
- Korte avstandar mellom beslutning og handling
- Høve til å påverke både struktur og praksis
- Eit engasjert fagmiljø i ein kommune i utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø med høg grad av tillit og samarbeid
- Ei meiningsfull og samfunnsviktig stilling
- Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
- Tett samarbeid med leiing og tenester
- Fleksibilitet innanfor trygge rammer
- Løns‑ og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Kontaktinformasjon
Elin Katrin Vegsund, Kommunalsjef, 908 53 777, elin-katrin.vegsund@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Strandgata
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5108470390
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 29.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e338141e-f51c-4373-9535-a6565b3d1040
- Sist endret
4. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e1f90e362ab342d098a1e4d890b79944