Helsefagarbeidar fast stilling
Haram Omsorgssenter
Storgata 20, 6270 Brattvåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidar Haram Omsorgssenter
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. mai
Haram kommune søkjer etter helsefagarbeidar i 90,38% fast stilling, for tida ved Haram Omsorgssenter i Brattvåg. Stillinga har for tida arbeid i turnus med langvakter, med arbeid kvar 4. helg. Stillinga er for tida i avdeling 2, som er korttidsavdeling.
Haram Omsorgssenter er organisert under Ytre Haram omsorgsdistrikt, som består av Haram omsorgssenter, Ytre- og Nordøyane heimetenestedistrikt og to dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenester.
Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ønsker å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Utføre helsefaglege oppgåver i tråd med gjeldande lover, forskrifter og faglege retningslinjer
- Gi heilskapleg omsorg, pleie og behandling til pasientar i korttidsavdeling
- Observere, vurdere og rapportere endringar i pasient sin helsetilstand
- Dokumentere i kommunen sine fagsystem i samsvar med dokumentasjonsplikt og interne rutinar
- Delta aktivt i tverrfagleg samarbeid med sjukepleiarar, lege, fysioterapeut og andre faggrupper
- Rettleiing og opplæring av kollegaer, elevar og studentar
- Bidra til godt samarbeid og god kommunikasjon med pasientar og pårørande
- Arbeide etter Haram kommune sine verdiar, retningslinjer og etablerte arbeidsmetodar
- Medverke til fagutvikling, kvalitetsforbetring og utvikling av gode tenester
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeidar
- Erfaring frå arbeid i sjukeheim eller korttidsavdeling er ønskjeleg, men ikkje eit krav
- God fagleg forståing og interesse for fagleg utvikling og kvalitetsarbeid
- Kjennskap til dokumentasjon og bruk av digitale fagsystem
- Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd
Personlege eigenskapar
- Du er fagleg trygg, ansvarsbevisst og arbeider strukturert
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du viser empati, respekt og omsorg i møte med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du er fleksibel, løysingsorientert og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
- Du har godt humør og ei positiv og inkluderande framtoning
- Du er lojal mot arbeidsplass, kollegaer og vedtak som blir fatta
- Du identifiserer deg med Haram kommune sine verdiar og bidreg til eit godt omdøme
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid.
- Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver.
- Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på.
- Gode turnustekniske løysingar.
- Løn etter tariff.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Sandra Østborg Lorgen, Avdelingsleiar, 46946384, sandra.ostborg.lorgen@haram.kommune.noIngrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Storgata 206270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5128812149
Stillingsprosent: 90,38%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
19430ae4-8768-469e-9574-484e4714b0b5
- Sist endret
19. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
75b0f885a97c48f3b2c79e063386f0d9