Hopp til innhold

Lærlingar i IT-driftsfaget

Arbeidsgiver

IDI - IKT Service, Vestland fylkeskommune

Sted

5020 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Lærlingar i IT-driftsfaget
Oppstart
3. august 2026
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
15
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest lørdag 28. februar

Vestland fylkeskommune er ein av landet sine største lærebedrifter innan IT-driftsfaget (IT), og du vil som lærling dra nytte av eit breitt spekter av arbeidsoppgåver, samt instruktørar med spisskompetanse innan sine fagfelt.

Alle lærlingar blir tilsett i administrasjonen og plassert ut på den enkelte skule eller avdeling i fylkeskommunen der vi har behov for lærlingar.


Arbeidsoppgåver

Arbeid og opplæring innan alle kompetansemåla i læreplanen for faget, i tillegg til andre driftsoppgåver ved seksjon IKT.

Kvalifikasjonar

  • Gjennomgått og bestått VG1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon
  • Gjennomgått og bestått VG2 Informasjonsteknologi, lærefag i IT-driftsfaget
  • IT-kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Utviklingsorientert
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne 

Vi tilbyr

  • Lønn etter tariffavtale
  • Strukturert opplæring
  • Fagleg opplæring og utvikling i samsvar med læreplanen for faget
  • Fagprøve ved slutten av læretida

Kontaktinformasjon

Anette Vevle Øvreås, leiar, 92448210

Arbeidsstad


 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5049720478
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 28.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Anette Vevle Øvreås

leiar

92448210

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e2f7fdf3-3fae-4ea9-93fb-503dafe3be08

Sist endret

8. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

4f1b0eed83d24fbbbda6edde688acfeb

Lignende annonser