Lærlingar i IT-driftsfaget
IDI - IKT Service, Vestland fylkeskommune
Lars Hillesgate 22, 5020 Bergen
Om jobben
- Oppstart
- 3. august 2026
- Stillingstittel
- Lærlingar i IT-driftsfaget
- Type ansettelse
- Lærling, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest fredag 12. juni
Ser du etter læreplass i IT-driftsfaget?
Hos Vestland fylkeskommune kan du få ein variert og lærerik læretid i eitt av dei største fagmiljøa innan IT‑drift i offentleg sektor.
Som IT‑lærling hos oss får du jobbe med reelle IT‑oppgåver i kvardagen på vidaregåande skular, saman med erfarne og flinke IT‑medarbeidarar. Du får god oppfølging, opplæring i breidde og djupne – og viktig erfaring som kan opne dører vidare i IT‑yrket.
Alle lærlingar blir tilsette i administrasjonen i Vestland fylkeskommune.
Vi tilbyr læreplassar ved følgjande lokasjonar:
- Os vidaregåande skule / gymnas
- Firda vidaregåande skule
- Eid vidaregåande skule
- Flora vidaregåande skule
- Sogndal vidaregåande skule
- Bømlo vidaregåande skule
For enkelte av lokasjonane kan det vere nødvendig å flytte for å gjennomføre læretida. Dette kan vere ein god moglegheit til å bli meir sjølvstendig, få nye erfaringar og sikre seg ein svært attraktiv læreplass innan IT‑driftsfaget.
Ver venleg å oppgi i søknaden kva for lokasjon eller lokasjonar du ønskjer læreplass ved.Arbeidsoppgåver
Som IT‑lærling hos oss jobbar du praktisk med alle kompetansemåla i IT‑driftsfaget. Du får mellom anna erfaring med brukarstøtte, feilsøking, oppsett og drift av PC‑ar, nettverk, AV-utstyr og system. I tillegg til andre varierte oppgåver i seksjon IKT – med god rettleiing undervegs.Kvalifikasjonar
- Gjennomgått og bestått VG1 Informasjonsteknologi og medieproduksjon
- Gjennomgått og bestått VG2 Informasjonsteknologi, lærefag i IT-driftsfaget
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Likar å jobbe saman med andre og å hjelpe til der det trengst
- Er lærevillig og synest det er kjekt å utvikle deg fagleg
- Kommuniserer godt på norsk, både når du snakkar med folk og når du skriv
Vi tilbyr
- Ei trygg og lærerik læretid
- Jobbe med IT som er viktig for kvardagen på vidaregåande skular
- Fagleg opplæring og utvikling i samsvar med læreplanen for faget - og erfaring som tel vidare
- Løn som lærling etter gjeldande avtalar
- Fagprøve ved slutten av læretida
Kontaktinformasjon
Anette Vevle Øvreås, leiar, 92448210Arbeidsstad
Lars Hillesgate 225020 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5120885899
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 02.08.2028
Søknadsfrist: 12.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Anette Vevle Øvreås
leiar
92448210
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
301b0470-40a7-4caa-80a8-a285492d6c5e
- Sist endret
29. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b7ca01d2e5784d168af9c22df0fb15cc