Lærling i laboratoriefaget, Haukeland universitetssjukehus
Laboratorieklinikken, Helse Bergen HF
Haukelandsbakken 15, 5021 Bergen
Om jobben
- Oppstart
- 1. september 2026
- Stillingstittel
- Lærling i laboratoriefaget, Haukeland universitetssjukehus
- Type ansettelse
- Lærling, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest søndag 24. mai
Laboratorieklinikken treng fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar, og søker frå hausten 2026 motiverte lærlingar i laboratoriefaget.
Haukeland universitetssjukehus er ein av dei største tilbydarane av laboratorieanalysar i Noreg. Laboratorieklinikken tilbyr eit breitt spekter av analysar innan ulike fagområde. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår og vi arbeider for å knytte til oss dei beste fagfolka. Vi vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste. Vi har lang tradisjon og god erfaring med opplæring og utdanning av laboratoriepersonell.
Som lærling i Laboratorieklinikken skal du arbeide ved Avdeling for patologi og Mikrobiologisk avdeling, i tillegg til å ta blodprøvar i ein av Laboratorieklinikken sine blodprøvetakingspoliklinikkar eller på inneliggande pasientar i sjukehuset.
Vedlegg til søknad: legg ved vitnemål, utskrift av karakterar siste halvår, vurdering frå YFF, relevante attestar og namn og telefonnummer til to referansar (arbeidsgivar, lærar, rettleiar i praksis).
Arbeidsoppgåver
- Mikrobiologisk avdeling:
- laboratoriearbeid
- Produksjon av reagenser og dyrkingsmedier
- Vask og autoklavering av laboratorieutstyr
- Avdeling for patolog:
- Snitting av vevsblokkar
- Fremføring og støping av vev
- Arkivering av prøvar
- Anna laboratoriearbeid kan og vere aktuelt
- Blodprøvetaking
Kvalifikasjonar
- Bestått VGI - Teknologi og industrifag
- Bestått VGII - Kjemiprosess- og laboratoriefag
- Meistre norsk godt både munnleg og skriftleg
- Alle attestar, vitnemål og karakterar skal leggast ved søknaden. Søkarar som avsluttar skolegang i 2025 sender ved siste karaktervurdering. Vedlegga må leggast ved som word-fil eller pdr. Sørg for at vedlegga er lesbare.
Personlege eigenskapar
- Du er imøtekommande, høfleg, positiv og serviceinnstilt
- Du er motivert og tar imot rettleiing for fagleg og personleg utvikling
- Du samarbeidar godt med andre og har gode kommunikasjonsevner
- Du er pliktoppfyllande i arbeidet ditt
- Du trivast i eit aktivt arbeidsmiljø og toler høgt arbeidstempo
Vi tilbyr
- Arbeidstid: dagtid
- Løn etter tariff for lærlingar
- Eit spennande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver, fagleg og personleg oppfølging
- Ein strukturert plan for å oppnå kompetansemåla i læreplanen
- Rettigheitar og pliktar som andre tilsette i sjukehuset
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Moglegheiter for vidare arbeid som laboratoriefagarbeidar i Laboratorieklinikken
- Bedriftsidrettslag med godt og variert tilbod
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Johanne Lind Aasen, Assisterande leiar, 55973119, johanne.lind.aasen@helse-bergen.noArbeidssted
Haukelandsbakken 155021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Bergen HFReferansenr.: 5108485536
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 01.09.2026
Sluttdato: 31.08.2028
Søknadsfrist: 24.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
53eca02b-c21d-413b-a51b-5fa90ed69138
- Sist endret
21. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c3011b80edc24a36a49b85799cf20703