Hopp til innhold

Lærling Dyrefag

Arbeidsgiver

Stend Vgs

Sted

Fanavegen 249, 5244 Fana

Om jobben

Stillingstittel
Lærling Dyrefag
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 24. juni

Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak. 

Vi har eit rikt og variert fagmiljø innan mellom anna hest, hund, smådyr og landbruk. No søkjer vi ein engasjert lærling i dyrefaget. 

Som lærling hos oss vert du ein del av eit aktivt og fagleg sterkt team. Du vil ha hovudtilknyting til smådyravdelinga, men vil i periodar også bidra på hundefag og eventuelt andre dyreavdelingar etter behov. Dette gir deg ei brei og verdifull opplæring innan dyrefaget. 


Arbeidsoppgåver

  • Drifte smådyravdelinga saman med driftsansvarleg, inkludert dagleg stell av dyr 
  • Stelle dyr som ikkje inngår i dagens undervisning 
  • Leggje til rette for at elevar ved Stend får god praktisk undervisning med yrkesretta oppgåver 
  • Kommunisere med og støtte elevar og lærarar i kvardagen 
  • Bidra i periodar på hundefag og andre dyreavdelingar ved behov 
  • Delta i anna drifts- og utviklingsarbeid ved skulen 

Kvalifikasjonar

  • Gjennomført og greidd Vg1 Naturbruk 
  • Gjennomført og greidd Vg2 Heste- og dyrefag, gjerne med vekt på dyrehelse eller hundefag 

Personlege eigenskapar

  • Du har eit ekte engasjement for dyr og for dyrevelferd 
  • Du brenn for at elevar på Stend VGS skal få den beste skuledagen 
  • Du har gode kommunikasjonsevner og trivst med kontakt med elevar, vaksne og kundar 
  • Du er ryddig og reinsleg i arbeidet ditt 
  • Du vekkjer tillit og er truverdig 
  • Du er interessert i kunnskapsutvikling innanfor dyrefaget 
  • Du kan samarbeide godt med andre, og jobbe sjølvstendig når det trengst 

Vi tilbyr

Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.

Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Janne Seilen, avdelingsleiar, 92094232

Arbeidssted

Fanavegen 249
5244 Fana

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5147550457
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 24.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Janne Seilen

avdelingsleiar

92094232

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

16335c31-ca1e-4e9a-a8fa-a328d922fef5

Sist endret

18. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

bc16fc24d6744942aec576f7c2df5490

Lignende annonser

Laster lignende annonser