Hopp til innhold

Lærling hestefag

Arbeidsgiver

Stend Vgs

Sted

Fanavegen 249, 5244 Fana

Om jobben

Stillingstittel
Lærling hestefag
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 24. juni

Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan naturbruk, idrettsfag, sal, service og reiseliv, påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde eleven skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet. Skulen har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan yrkesfagleg grunnutdanning, arbeidstrening og kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak.

Vi har eit rikt og variert dyrehald, og hesteavdelinga er ein sentral del av skulen sitt faglege tilbod. No søkjer vi ein engasjert lærling til hesteavdelinga. Som lærling hjå oss vert du ein viktig del av kvardagen – både for dyr og elevar. 


Arbeidsoppgåver

Du er med på å drifte hesteavdelinga med stell og fôring av hestane i lag med driftsansvarleg. Du får også ei unik sjanse i å delta i overgang frå tradisjonelt oppstalling til vår nyleg etablerte aktive stall. Daglege oppgåver er å stelle hestane, halde stallen i orden og leggje til rette for at Stends elevar får god praktisk undervisning med yrkesretta oppgåver. Du kommuniserer med, og legg til rette for, elevar og lærarar i den daglege drifta.  

  • Dagleg stell, fôring og tilsyn av hestar 
  • Stell av stall, paddokar og uteområde 
  • Leggje til rette for praktisk undervisning for elevar 
  • Kommunisere med og støtte elevar og lærarar i undervisningssituasjonar 
  • Bidra til god dyrevelferd og fagleg utvikling av hesteavdelinga 
  • I einskilde periodar kan det verte tillagt oppgåver på andre dyreavdelingar ved skulen 

Kvalifikasjonar

  • Gjennomgått og bestått Vg1 naturbruk
  • Gjennomgått og bestått Vg2 Heste- og dyrefag, gjerne med vekt på hestefag 

Personlege eigenskapar

  • Du har eit ekte engasjement for hest 
  • Du brenn for at elevar på Stend VGS får den beste skuledagen 
  • Du har gode kommunikasjonsevner og har lett for å ha kontakt med elevar, vaksne og kundar 
  • Du er ryddig og reinsleg, og tek ansvar for orden i stall og på anlegget 
  • Du vekkjer tillit og er truverdig 
  • Du kan samarbeide godt med andre, og jobbe sjølvstendig når det trengst 

Vi tilbyr

Løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov og avtaleverk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.

Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Janne Seilen, avdelingsleiar, 92094232

Arbeidssted

Fanavegen 249
5244 Fana

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5147541091
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Søknadsfrist: 24.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Janne Seilen

avdelingsleiar

92094232

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

890d9b4f-e414-4aed-9401-50bb30fe9112

Sist endret

18. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

71bfd4ff48cb4bf39af9f3d170c2275d

Lignende annonser

Laster lignende annonser