Vil du vere med og vidareutvikle eit spennande fagmiljø på Søre Sunnmøre?
BLINK HUS SØRE SUNNMØRE | Ein del av Vågegruppa
6060 Hareid
Om jobben
- Stillingstittel
- Driftsleder
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 1. juni
Hadarhus AS / Blink Hus Søre Sunnmøre står framfor ei ny og spennande utviklingsfase -- og vi søkjer no ein driftsleiar som vil vere med å forme vegen vidare.
Dette er ei nøkkelrolle for deg som ønskjer å kombinere operativ prosjektgjennomføring med moglegheita til å påverke korleis vi jobbar og utviklar oss framover.
Som driftsleiar får du det overordna ansvaret for verksemda sine prosjekt og ei sentral rolle i den daglege drifta.
Du vil jobbe tett med både kundar, leverandørar og fagmiljø -- og vere med å sikre kvalitet i alle ledd.
Prosjekta har eit vidt spenn frå felt- og områdeutvikling, til kundeprosjekt innan både nybygg og ROT-marknaden.
Stillinga rapporterer til dagleg leiar.
Dine hovudoppgåver-
Kalkulere nye byggjeprosjekt
-
Sals- og strategiarbeid i samarbeid med sals- og marknadssjef
-
Planlegge, leie og følgje opp byggeprosjekt frå A til Å i samarbeid med byggeleiar
-
Sikre framdrift, kvalitet og økonomi i prosjekta
-
Kontakt med underleverandørar og samarbeidspartnarar
-
Ha tett dialog med kundar gjennom heile byggeprosessen
-
Bidra til struktur, forbetring og vidare utvikling av drifta
-
Personalarbeid i samarbeid med HR-leiar
Du har erfaring frå bygg- og anleggsbransjen, og trivast i skjæringspunktet mellom praktisk gjennomføring og struktur.
Vi trur du:
-
Har relevant erfaring, gjerne kombinert med teknisk utdanning
-
Er strukturert og har god gjennomføringsevne
-
Er trygg i dialog med både kundar og fagfolk
-
Likar ansvar og motiverast av å skape resultat
-
Har eit auge for kvalitet og gode løysingar
-
Ei sentral rolle i ei verksemd i utvikling
-
Reell moglegheit til å påverke og utvikle selskapet vidare
-
Varierte prosjekt i ein aktiv og spennande region
-
Korte beslutningsvegar og godt samarbeid på tvers
-
Konkurransedyktige vilkår
-
Eit svært godt arbeidsmiljø på tvers av alle selskapa i Vågegruppa
-
Betalt videreutdanning ved behov
Om bedriften
Hadarhus AS er ein etablert aktør innan bustadbygging på Søre Sunnmøre, og står bak Blink Hus Søre Sunnmøre og Drømmekjøkkenet Hareid.
Selskapet er no ein del av Vågegruppa -- eit industriretta investerings- og utviklingsmiljø med sterke røter i regionen.
Dette gir oss nye moglegheiter til å styrke organisasjonen og utvikle verksemda vidare.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e2f57573-660f-4fe7-8b5d-fab001ad5613
- Sist endret
19. mai 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
463356133