Prosjektleiar
Teknisk, eigedom og landbruk
Dalevegen 6, 6153 Ørsta
Om jobben
- Stillingstittel
- Prosjektleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 24. mai
Ørsta kommune har ledig 100 % stilling som prosjektleiar for snarleg tilsetting. Kommunen er i stadig utvikling og har difor behov for deg som søkjer ei sjølvstendig, utfordrande og interessant stilling, der det vil verte varierte oppgåver lagt til stillinga. Prosjektleiar er for tida del av kommunalsjef teknisk, eigedom og landbruk sin stab.
Vi søkjer ein prosjektleiar som skal ha ansvar for alle fasar i byggeprosjektet, frå utvikling og forprosjekt til gjennomføring og ferdigstilling av prosjektet. Prosjektleiar står for utvikling av prosjekt- og konkurransegrunnlag, anbods- og tilbodsprosessar, og kontrahering i samarbeid med kommunen sine juristar.
Prosjektleiar samarbeider nært med alle kommunalområda og andre brukargrupper for å avklare brukar- og arealbehov og kvalitetar. Prosjektleiar utgreier saker knytt til arealutvikling og finansiering for politisk handsaming. Ørsta kommune er no inne i eit samarbeidsprosjekt med Møre og Romsdal fylkeskommune om nytt kulturhus og ny vidaregåande skule i nytt fellesbygg. Prosjektleiar vil få ansvar for å følgje opp dette prosjektet frå kommunen si side.
Arbeidsoppgåver
Som prosjektleiar vil du ha ansvar for- planlegging, utvikling, gjennomføring av ulike byggeprosjekt. Både nybygg og rehabilitering
- val av løysingar, innkjøp, kontrakar og kontrakt med rådgjevar, brukarar og leverendørar
- koordinering og leiing av prosjektet gjennom alle fasane
- vere kommunen sin representant som byggherre i byggeprosjekta
- at prosjektet vert gjennomført innanfor vedtekne økonomiske rammer
- at leveranse, framdriftsplan og utføring er i samsvar med kontrakten, gjeldande lov og forskrifter
- at innkjøpet er i samsvar med lov om offentleg innkjøp
- andre oppgåver vil kunne bli lagt til stillinga avhengig av kommunen sitt til ei kvar tid gjeldande behov
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskuleutdanning eller fagskuleutdanning
- Relevant og dokumentert praksis frå offentleg eller privat verksemd
- God kjennskap til relevante lover og forskifter innan bygg, arbeidsmiljø, offentleg innkjøp
- Erfaring frå kontrakt- og økonomistyring
- Førarkort klasse B
- Gode munnlege og skriftlege framstillingsevene. Kommunen nyttar nynorsk som målform i all skriftleg kommunikasjon.
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:
- har gode samarbeidsevne, høg og stabil arbeidskapasitet
- er sjølvstendig og løysingsorientert
- er strukturert og fleksibel
- har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.
Stillinga vert plassert i HTA kap. 4
Stillingskode 7451- Prosjektleiar
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar og historikk vert tillagt stor vekt. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Eldar Rune Øye, Kommunalsjef Teknisk, eigedom og landbruk, 934 39 790, eldar.oye@orsta.kommune.noArbeidsstad
Dalevegen 66153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5092563991
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e60afbc0-9591-4c84-a60a-a943d1ee1745
- Sist endret
28. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5fe5d22b161147fd81a41c3e1883151e