Vil du vere med å drive utvikling i Gulen og Masfjorden?
Gulen og Masfjorden Utvikling AS
Sløvågen 2, 5960 Dalsøyra
Om jobben
- Stillingstittel
- Prosjektstilling – nærings- og samfunnsutvikling
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 10. august
Vil du vere med å drive utvikling i Gulen og Masfjorden?
Prosjektstilling -- nærings- og samfunnsutvikling (100 %)
2 år -- med moglegheit for fast tilsetjing
Gulen og Masfjorden Utvikling (GMU) arbeider for å skape vekst, utvikling og samarbeid i regionen.
Vi jobbar i skjæringspunktet mellom kommunar, næringsliv og lokalsamfunn, og tek initiativ til prosjekt og satsingar som bidreg til verdiskaping, attraktivitet og framtidig utvikling.
No søkjer vi ein ny kollega som vil vere med å utvikle, leie og gjennomføre prosjekt saman med kommunar, næringsliv og andre samarbeidspartnarar.
Hos oss får du høve til å påverke utviklinga i regionen og arbeide med prosjekt som betyr noko for både næringsliv, lokalsamfunn og kommunar.
Vi ønskjer å vere ein aktiv utviklingsaktør som tek initiativ, skaper samarbeid og driv prosjekt framover.
Den rolla vil du vere med å styrkje.
Om rolla:I GMU jobbar du ikkje etter ei ferdig oppskrift.
Du vil møte menneske, idéar og moglegheiter som ikkje alltid kjem med ein klar plan eller fasit.
Difor må du kunne skape struktur, samle ulike aktørar og drive prosjekt framover.
Prosjekta vil ofte involvere ulike interesser, fagmiljø og næringar.
Du må kunne byggje samarbeid og omsetje gode idéar til handling
Arbeidskvardagen din kan mellom anna bestå av å:
-
utvikle, leie og følgje opp prosjekt frå idé til gjennomføring
-
arbeide med attraktivitet, profilering og synleggjering av regionen
-
byggje nettverk og skape samarbeid mellom næringsliv, kommunar og andre aktørar
-
identifisere og utvikle nye satsingar innan nærings- og samfunnsutvikling
-
omsetje idéar til aktivitet og resultat
Vi ser etter ein person som har erfaring med å utvikle, leie eller gjennomføre prosjekt.
Stillinga inneber stor grad av sjølvstende og ansvar.
Du må kunne ta ansvar for framdrift, koordinering og gjennomføring, og trivast med samarbeid på tvers av kommunar, næringsliv og andre aktørar.
Erfaring med prosjektleiing, kommunikasjon, marknadsføring eller tilsvarande oppgåver vil vere ein fordel.
Relevant høgare utdanning er ønskjeleg, men erfaring og dokumenterte resultat kan vege opp for formell utdanning.
Kva skal til for å lukkast?Vi trur du vil trivast hos oss dersom du:
-
tek ansvar og eigarskap til eigne oppgåver
-
får ting til å skje og held framdrift i prosjekt
-
byggjer gode relasjonar og tillit
-
trivst med å finne løysingar der vegen ikkje alltid er teikna opp
-
set pris på stor grad av sjølvstende og handlingsrom
Stilling: Prosjektstilling -- nærings- og samfunnsutvikling
Omfang: 100 %
Varigheit: 2 år, med moglegheit for fast tilsetjing.
Løns - og arbeidsvilkår etter avtale.
Arbeidsstad: Fortrinnsvis Sløvåg, med kontordagar i både Gulen og Masfjorden kommunar.
Oppstart: Etter avtale
Det må påreknast noko reiseverksemd, og førarkort klasse B er nødvendig.
GMU nyttar nynorsk som arbeidsspråk.
Det er ein fordel om du meistrar nynorsk godt, men det viktigaste er uansett at du har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner.
Kjenner du deg igjen?Vi vil gjerne høyre frå deg -- også om du ikkje oppfyller alt som står ovanfor.
Søknadsfrist: 10. august 2026
Ta gjerne kontakt for ein uformell prat.
Om bedriften
Gulen og Masfjorden Utvikling (GMU) arbeider for å skape vekst, utvikling og samarbeid i regionen.
Vi jobbar i skjæringspunktet mellom kommunar, næringsliv og lokalsamfunn, og tek initiativ til prosjekt og satsingar som bidreg til verdiskaping, attraktivitet og framtidig utvikling.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e2a6b3c8-34d3-42a9-a253-145aabd47613
- Sist endret
1. juli 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
467948260