Økonomirådgjevar
Solund kommune Stab
Hardbakke 26, 6924 Hardbakke
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Mulighet for hjemmekontorAI
- Delvis hjemmekontor
Bruk av kunstig intelligens
Søk på jobben
Søk senest torsdag 20. august
Som økonomirådgjevar vil dine arbeidsoppgåver blant anna vere:
- Leie arbeidet med budsjett - og økonomiplan i kommunen, i samråd med kommunedirektøren
- Leie arbeidet med årsrekneskapen
- Fagleg ansvar for økonomikontoret, inkludert fagsystema
- Rådgjeving på økonomiområde til leiarar med budsjett ansvar
- Handsame saker på økonomiområdet ti l politiske organ
Du har gjerne:
- 3-årig relevant høgare utdanning
- Relevant arbeidserfaring (nok av dette kan kompensere for manglande formell utdanning)
- Erfaring frå arbeid med budsjett - og økonomistyring eller årsrekneskap, helst frå kommunal sektor
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Erfaring med økonomisystemet Visma
Sidan det vert nokre arbeidstoppar gjennom året er det viktig at du er strukturert og har god arbeidskapasitet. Då vi er få tilsett e er samhandling og ditt bidrag til eit positivt arbeidsmiljø særs viktig. Og sidan du saman med dei flinke medarbeidarane som allereie arbeider på økonomikontoret skal vidareutvikle økonomiområdet i Solund kommune må du være fagleg engasjert.
Vi tilbyr:
- Variert, tverrfagleg samarbeid
- Tilsetjing på kommunale vilkår som rådgjevar i kapittel 5.
- Opplæring, kurs og kompetanseheving
- Fleksitid og moglegheit for delvis heimekontor
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fl este tenestepensjonar berreutbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du slutt ar å jobbe og livet ut.
Les meir om medlemsfordelane i KLP her.
Om dette verkar spanande og du har relevant utdanning eller erfaring, slå gjerne på tråden ti l Amund. Han gler seg ti l å høyre frå deg!Offentleg søkjarliste:
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
876256f3-2a66-414f-9cf3-e4bffcc8d869
- Sist endret
30. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3642135_140883_nn