20% stilling som kulturskulelærar i kunst, media og kommunikasjon
Solund kommune Oppvekst og kultur
Hardbakke 26, 6924 Hardbakke
Om jobben
- Stillingstittel
- Kulturskulelærar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 20%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. august
Solund kommune har ledig 20 % fast stilling ved kulturskulen. Kulturskulen er ein del av oppvekst- og kultursektoren i kommunen, og har nært samarbeid med både barnehagen og skulen. Verksemda i kulturskulen vert styrt av rammeplan for kulturskular.
Stillinga inneber undervisning i ulike kunstformer for elevar i småskulen og undervisning i media og kommunikasjon, der elevane mellom anna arbeider med film og podkast. Elevane i denne gruppa er mellom 10 og 15 år. Her er det sterkt fokus på lagånd og samarbeid. Vi har gode lokalitetar og moderne utstyr, så her er det mogleg å få bruke kreativiteten din!
Det er fint om du har utdanning innan kunst- eller kulturfag, men det er ikkje eit krav. Vi set også pris på om du har erfaring frå undervisning frå tidlegare. Uavhengig av utdanning og erfaring, er det viktig at du likar å vere med barn og unge, og at du har evne til å inspirere og engasjere. Innanfor rammeplanen til kulturskulen har du stor fridom til å legge opp undervisninga slik du og elevane ønskjer.
Vi tilbyr:
- Løn etter tariff
- Pensjonsordning i SPK
- Spanande arbeidsoppgåver
- Ansvar og sjølvstendig arbeidsforhold
- Høve til å vere med på å utvikle kulturskulen
- Høve til sjølvutvikling
Offentleg søkjarliste:
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Velkomen som søkjar!
Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6e828462-0940-471c-8b2f-d21f46818934
- Sist endret
30. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3642899_212679_nn