Hopp til innhold

Vi søkjer ringevikarar

Arbeidsgiver

Solund kommune Helse og omsorg

Sted

Hardbakke, 6924 Hardbakke

Om jobben

Stillingstittel
Reinhald
Type ansettelse
Vikariat, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 31. desember

 Solund kommune søkjer fleire ringevikarar innan reinhald på Hardbakke.

Ein del av arbeidet kan utførast på ettermiddag og kveldstid, og vi oppmodar difor ungdom som har fylt 16 år til å søkje. Det kan òg opne seg moglegheiter for meir arbeid i feriane.

Vi ønskjer å kunne tilby meir arbeid til dei som ynskjer det, og det kan diskuterast om andre stillingar i kommunen kan kombinerast.

Kvalifikasjona
  • Erfaring og fagbrev innan reinhald er ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Personlege eigenskapar
    • Ansvarsbevisst
    • Sjølvstendig
    • Løysingsorientert
    Vi tilbyr
    • Løn etter gjeldande tariffavtale
    • God pensjonsordning gjennom KLP

    Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem, men du kan også ta direkte kontakt med Stine på tlf 97 10 64 39. 


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Stine Mari Trovåg Sundal

    Fagleiar

    +47 994 81 371

    Stine.Mari.Trovag.Sundal@solund.kommune.no

    Om bedriften

    Solund er eit øyrike ytst i Sognefjorden. Vi har gode kommunikasjonar til fastlandet, inkl. hurtigbåt til Bergen. Sjøen er ein del av både sjela og landskapet i Solund. Aktivitetar knytt til sjøen er mange og rett utanfor døra, enten det er båtliv, kajakkpadling eller fiske. I nybygde Solund Idrettspark finn du kunstgrasbane, friidrettsanlegg, skatepark, klatrepark, discgolfbane og nytt treningsstudio. Vi har òg idrettshall med symjebasseng, eit aktivt skyttarlag, idrettslag, karateklubb, turlag, skulemusikk, kulturskule og mykje meir. Merka turstiar finn du rundt om i heile kommunen. I Solund investerer vi for framtida. I løpet av dei neste åra skal vi bygge ny ungdomsskule, binde saman kommunen ved å realisere Ytre Steinsund bru og fortsette utbygginga av breiband. Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    29c58d1f-b95d-4664-997b-ce32a2d6e3b2

    Sist endret

    7. januar 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3546685_140887_nn

    Lignende annonser