Hopp til innhold

Stabsjef

Arbeidsgiver

Solund kommune

Sted

Hardbakke, 6924 Hardbakke

Om jobben

Stillingstittel
Stabsjef
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 29. november

Ynskjer du å vere med å vidareutvikle ein distriktskommune og eit lokalsamfunn? Liker du å ha kontroll på både dei store linene og dei små detaljane? Har du erfaring frå offentleg sektor? Då er du akkurat den vi ser etter.

Vi er Solund kommune, og ser etter stabsleiar til kommunedirektøren sin stab. Som stabsleiar vil du ha ansvar for alle sentraliserte stabsfunksjonar i kommunen som økonomi, arkiv, personal, IKT, politisk sekretariat, bustad og beredskap. Du vert ein del av kommunedirektøren sin leiargruppe, og vil være stadfortredar for kommunedirektøren. Du får ein sentral rolle i så vel den daglege drifta, som den strategiske utviklinga av Solund kommune.

Ansvarsområda er svært varierte, og du vil få god støtte av dei seks faste tilsette i Staben, fleire interkommunale samarbeid og ein rekke andre eksterne aktørar som: Statsforvaltaren, KS og Vestland fylkeskommune. Du må raskt kunne sette deg inn i nye problemstillingar og samarbeide godt i ulike strukturar.

Sentrale arbeidsoppgåver:
  • Organisere og vidareutvikle Staben og stabsfunksjonane
  • Ha personal- og økonomiansvar for Staben
  • Førebu, og følge opp, saker til politisk handsaming
  • Sakshandsame innanfor ein rekke ulike særlover og ordningar
  • Innføre og administrere ulike IKT-system i kommunen
  • Delta på vegne av Solund kommune i ulike interkommunale og regional samarbeid og samlingar

Du må være fleksibel og ikkje redd for å ta i eit tak. Organisasjonen er stadig i utvikling og vi må handtere stort og smått som skjer i kvardagen.

Vi ser etter deg som gjerne har:
  • Relevant utdanning frå høgskule eller universitet, til dømes innan jus, administrasjon eller økonomi
  • Forståing for kryssingspunktet mellom politikk og administrasjon
  • Erfaring frå offentleg sektor, gjerne som leiar
Vi tilbyr:
  • Løn etter avtale
  • Offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Les meir om medlemsfordelane i KLP her
  • Solund kommune er ein distriktskommune i sentralitetsindeks 6. Det betyr at du kan ha rett til sletting av studielån gjennom ordninga til Lånekassen. Du kan lese meir om ordninga her

Så om det freistar med ein variert kvardag og korte styringsliner, ta gjerne kontakt med kommunedirektør Jens-Eivind Kobbeltvedt på 95814300 for ein prat, han gler seg til å høyre frå deg!

Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.

Om bedriften

Solund er ein øykommune og er Noregs vestlegaste kommune. Her er mogelegheiter for unike naturopplevingar både på sjø og land. Bland anna er det fine forhold for kajakkpadling og fiske, og turar på godt opparbeidde turstiar/ fjellturar i heile kommunen.
Vi er ein kommune i utvikling, med ny skule og treningssenter og fleire satsingar innan mellom anna sentrumsutvikling, bustadutvikling og infrastruktur.
I Solund får du vere med på å forme framtida til kommunen. Som tilsett hos oss må du trivast med høgt tempo, varierte arbeidsoppgåver og samarbeid på tvers av fagområde. Storleiken på organisasjonen gjer at vi ofte må finne løysingar saman og bidra utanfor eige fagfelt når behovet oppstår.
Vi jobbar også aktivt for å skape gode sosiale nettverk for dei som kjem til kommunen, anten som tilflyttarar eller pendlarar. Gjennom ulike møteplassar og aktivitetar ønskjer vi å gjere det lettare å bli kjend med både folk og lokalmiljø.
Klikk på lenkja for å sjå ei film om det flotte øyriket vårt: http://www.youtube.com/watch?v=E3RbqQhfrQQ

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4d2e1194-6118-4ca9-8984-6c284c9638c0

Sist endret

23. oktober 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

479221830

Lignende annonser

Laster lignende annonser